Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Luster

Walaker Hotell

  • 57 68 20 80
  •  /  km From You
Overview
Details

Velkomen til Walaker hotell, eit av Noregs mest særprega hotell. Midt i den flotte Lustrafjorden, ein fjordarm av Sognefjorden, i den idylliske bygda Solvorn finn me Walaker Hotell. Staden, som har gått i arv frå generasjon til generasjon, er eit sjarmerande familiehotell og ein attraksjon i seg sjølv. Hotellet har vore i familien Nitter Walaker si eige sidan 1690, og er dermed det eldste familiedrevne hotellet i Noreg, med over 377 års historie, tilbake til 1640.

Gjesterom Walaker Hotell har 22 framifrå gjesterom i 3 ulike hus. Vårast historiske rom ligg i dei gamle husa; Tingstova og Hovudhuset. Våre Superiorrom ligg i vårt nybygg der dei aller fleste har framifrå utsikt til både hage og fjord.

Den stemningsfulle hagen utgjer ein viktig del av miljøet på Walaker Hotell. Oppover veggene klatrar svartgallebær og i hagen står syriner og frukttrær i full blomst om våren, medan det er mykje fin frukt på trea om hausten. Omkransa av mektige fjell og med utsikt til den sagnomsuste Sognefjorden er det her du skal finna roen!

Me set pris på at gjestene har det godt og at dei trivst i kvarandre sitt selskap. Ei god råme rundt dette er den fastsatte 4-rettars middagen om kvelden. Her er standarden satt høgt både på mat som har fokus på lokale råvarer frå indre Sogn samt nydlege vinar frå det store utland. Merk at det i høgsesong (juni-august) kan væra lurt å førehandsbooke middag då det vil bli full restaurant. Etter middagen, ca. kl. 22, så opnar vertskapet det framifrå kunstgalleriet samt eventyrlege forteljingar frå indre Sogn og Walaker hotell sin historie.

Urnes stavkyrkje som står på UNESCO si verdsarvliste liggjer rett over fjorden frå Solvorn og Walaker hotell. Turen over fjorden tek ca. 15 min. og føregår med ei flott lita ferje som i 2017 går kvar heile time frå 2.mai til 30.september.

I Solvorn er det ein liten butikk samt ein flott kafé. Kaféen er open frå juni og fram til august, medan dei serverar framifrå smårettar. Butikken, som ligg i det samme bygget, er open heile året. Det er også ein flott kultursti i Solvorn, som tek ca. 2 timar å gå. Her vil ein finna mykje god informasjon og forteljingar om Solvorn si historie.

Hjartleg velkomne skal de vera til Walaker Hotell og Solvorn.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Årstid
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Bar
  • Konferansefaciliteter
  • Familievennlig

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Strand
  • Båtturer
  • Kanopadling
  • Kultursti
  • Guidede turer
  • Historisk vandring
  • Hest og vogn
  • Jakt og fiske
  • Kajakkpadling
  • Natursti
  • Rotur
  • Svømming
Sykling
  • Sykkelrute/-tur
  • Sykkelstier
Kano og kajakk
  • Kanopadling
  • Kajakkpadling

Planlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Gateparkering
Tjenester
  • WiFi

Taste Norway

Restauranter og kafeer
  • Frokost
  • Skjenkebevilgning
  • Hage

Facts

Season
Spring
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad