Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

VALLDAL

Juvet Landskapshotell

Eit møte med rå norsk natur, kulturhistorie og moderne arkitektur.

Juvet Landskapshotell ligg idyllisk til i terrenget ved Gudbrandsjuvet i Valldalen, omkring 90 minutt med bil frå kystbyen Ålesund. Som et nyskapande og eit av dei mest særprega hotella i Norge legg Juvet til rette for eineståande opplevingar for både individuelle gjestar, grupper og firma.

Utsyn mot ekte landskapsmaleri

Hos Juvet landskapshotell kan du velje mellom 7 landskapsrom, 2 «fuglehus» bygde etter minimalistiske prinsipp, eller «chalet» Skrivarstova på 70 kvm. Skrivarstova inneheld to soverom med plass til fire personar, stove, kjøkken og ein koseleg uteplass mot skogen.

Utsikta frå romma gir deg eit makelaust utsyn mot dalen, elva, tunet eller den dramatiske elva som renn forbi. Byggemåten med glasveggar og plasseringa gjer at det er nær kontakt mellom hotellrommet og landskapet rundt.

Autensiske matopplevingar

I Fjøsen ligg matstova og opphaldsrommet med open peis. Grisefjøsen er kjøkken, og den gamle høylåven er omgjord til ei utandørs avslappingssone. Juvet baserer alle måltid dei serverar på lokale råvarer i sesong.

Opplevingar i verdensklasse

Du finn hotellet lett tilgjengeleg frå riksveg 63 mellom Valldal og Trollstigen. Herifrå er det blant anna kort veg til den imponerande strekninga Nasjonal turistveg Geiranger – Trollstigen, som går mellom verdsarvområdet Geirangerfjorden og den dramatiske vegstrekninga Trollstigen.

Gudbrandsjuvet er eit 5 meter smalt og 20-25 meter høgt juv som elva Valldøla har brukt tusenvis av år på å forme. Her kan du oppleve djupe jettegryter og finurlege formasjonar i fjellet, gjømt mellom steile fjellsider.

Last updated: 02/07/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Juvet Landskapshotell

Sider du nylig har besøkt