Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Jotunheimen Lom

Ysteri og gardsmat på Brimi sæter

  • Smørlivegen, Lom
  • +47 40075154
  •  /  km From You
Overview

Cheese-making is a handicraft which the milkmaids of old put all their heart and soul into, and it has also been an important part of the farm's economy. We have been taught the traditional methods of making cheese by Embjørg, over 90 years old. In the new cheese house we make soured cream, butter, kjuke (a kind of pultost cheese), and white cheese.

Seterysteri på Brimi sæter

Setermjølka er ei for fin råvare til å gå i den store ”tanken” hjå Tine. Vi ynskjer at forbrukaren skal få oppleva produkt laga på setra. På grunn av beite i høgfjell får mjølka ein heilt annan kvalitet. Smøret blir gulare og osten smakar meir! Ysting er eit handverk som dei gamle budeiene la all si sjel i, og som var viktig for økonomien på garden. Vi har lært den gamle ystinga av budeia vår Embjørg på over 90 år.

I det nye ysteriet vårt lagar vi rømme, smør, kjuke (pultost) og kvitost. I ysteriet kan du fylgje heile prosessen frå mjølking til ysting og ost på lager gjennom store vindauge. Ysthuset har også ein modningskjellar der kvitosten blir lagt til modning gjennom vinteren. Her blir luftfuktigheit og temperatur regulert naturleg fordi vi har jordgolv med steinpukk oppå, slik dei gamle kjellarane ofte hadde. Vi har eit rom ved sidan av der du som gjest kan sjå osten som ligg lagra gjennom store vindauge.

Sommarstid har vi seterutsal og seterkafé, der vi sel eigne og andre lokale produkt, og der du kan kose deg med ekte seterkost, på låven eller ute på tunet mellom 11-18 kvar dag.

Velkomne!


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad