Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Nordfjord Hornindal

Ytrehornsnakken

  •  /  km From You
Overview
Details

Gnistrande panorama! Om det var fare på ferde, tende folk i eldre tid eld på Ytrehornsnakken. Utsiktspunktet tenner framleis gnisten i dei som tek turen. Ytrehornsnakken var ein "veteplass" i eldre tid. Det vide utsynet og det at staden var relativt lett tilgjengeleg med skog ikring, gjorde fjellet til ein del av varslingssystemet i eldre tid. Framleis varslar folk vener og grannar frå toppen, men då med freistande bilete - eit panorama av Nordfjord-natur på sitt beste. Turen opp er lett, knappe 450 høgdemeter frå Grodås ved Hornindalsvatnet. Ein god plass å tenne turgnisten i dei yngste.

Gnistrande panorama!

Om det var fare på ferde, tende folk i eldre tid eld på Ytrehornsnakken. Utsiktspunktet tenner framleis gnisten i dei som tek turen. Ytrehornsnakken var ein "veteplass" i eldre tid. Det vide utsynet og det at staden var relativt lett tilgjengeleg med skog ikring, gjorde fjellet til ein del av varslingssystemet i eldre tid. Framleis varslar folk vener og grannar frå toppen, men då med freistande bilete - eit panorama av Nordfjord-natur på sitt beste. Turen opp er lett, knappe 450 høgdemeter frå Grodås ved Hornindalsvatnet. Ein god plass å tenne turgnisten i dei yngste.

På god, men tidvis litt bratt sti frå Ytrehorn opp til Ytrehornsnakken. På Ytrehornsnakken var det i eldre tid ein veteplass. I 1914 blei det reist ei stor steinstøtte til minne om vetesystemet. I 2003 blei det sett opp ei vetestove, som står open for allmenn bruk. Frå Ytrehornsnakken har ein flott utsikt over Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø.

Ytrehornsnakken er ein av Fjordspor-turane - 20 magiske vandreopplevingar i Nordfjord www.nordfjord.no/fjordspor

Guida turar med Destinate Norway. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Vandring
Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)

Planlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Utendørs parkering - mot avgift
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad