top of page
Topp

Velkommen til Blaaflat gard!

Blaaflat_gard.jpg

På Blaaflat er me opptekne av kvalitet og smak. Difor får frukta henge lenge på trea slik at dei får all den sola dei treng for å verte søte og saftige. All frukta vår er pakka for hand og vert levert direkte til deg som kunde. Velkommen til Blaaflat gard!

Historia om Blaaflat

Året er 1886. På Blaaflat i Lærdal vert hovudbygget på den vesle garden bygd om til hotell og skysstasjon i praktfull sveitsarstil. Hotellet vert populært for turistar, norske så vel som utan­landske, og livet på garden blomstrar. Gardbrukaren Knut Blaaflat bestemmer seg for å utvide gards­drifta og prøve lukka som eple­bonde, og på byrjinga av 1900-talet vert dei fyrste frukttrea planta. Epla blir ein suksess, og i 1907 mottek sonen hans, Henrik, deira fyrste diplom frå den nordiske hage­bruks­utstillinga i Kristiania for deira «samling æbler».

 

I byrjinga vert det berre dyrka éin fruktsort, men etter kvert som åra går kjem det også plomer og pærer til garden. Snart vert bakken langs den sørvendte fjellsida teken i bruk, og dei lange, varme sumarnettene viser seg å gjere underverk for dei søte vekstane. I 1930-åra vert hotelldrifta avvikla, men fruktgarden Blaaflat lev vidare i beste velgåande vidare utover 1900-talet. Fleire bønder får auga opp for kva det tronge dalføret har å by på, og Blaaflat vert ein av fleire flotte fruktgardar i dalen.

 

I dag ligg over 120 år med fruktproduksjon bak oss, og dei siste åra har morellar og aprikos også funne vegen inn på garden. Tradisjonane frå Henrik er framleis med oss, blanda med nyfikna til nye generasjonar. I det me tek garden vidare inn i framtida gler med oss til å sjå kva morgondagen vil bringe.

bottom of page