Stuhaug Turisme og gardsmuseum

Tunet med stabbur og eldhus.

Turisme

Stuhaug turisme vert driven av Rognald og Greta Stuhaug og er eit gardsmuseum med gamle bruksgjenstandar og antikvitetar frå tidleg 1600 og fram til om lag siste verdskrigen. Samlinga tel nærare 4000 gjenstandar frå Haugalandet og er i stadig vekst.



Utleige

I tillegg til museet har Stuhaug Turisme to leilegheiter og ei hytte til utleige. Leilegheitene ligg på museumsområdet medan hytta ligg ved sjøen ca. 10 km frå musèet. Me har og ein støl på fjellet om lag 4 km frå musèet. Her er moglegheiter for flotte turopplevingar og overnatting på godt gammalt vis utan straum og innlagd vatn for dei som ynskjer det.


Tunet sett frå nedsida.

Lokalisering

Museet ligg i Sandeid, Vindafjord kommune ca. 5 mil nordaust for Haugesund. Tunet ligg idyllisk til på motsett side av dalen i høve til riksveg 514 midt mellom Sandeid og Ølen. Det står skilt ved vegen i turistsesongen og det er mogeleg å ta ein tur innom utan avtale, men me set stor pris på om de tek kontakt først pga. at museet ikkje har faste opningstider og dermed berre er ope når vertskapet er heime.


Overrekkjing av Olavsrosa.

Olavsrosa

Stuhaug turisme ved Greta og Rognald Stuhaug fekk 19.09.07 tildelt Olavsrosa for deira formidling av husmannstradisjonar gjennom restaurerete bygningar og gamle bruksting. Olavsrosa er Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke, og heidersteiknet vart delt ut av styreleiar Inger Lise Skarstein i Norsk kulturarv. Stuhaug er den fjerde verksemda i Rogaland som har fått denne utmerkinga.

Andre utmerkingar:

  • Kulturpris frå Vindafjord kommune - 1996
  • Reiselivspris frå Vindafjord kommune - 1996
  • Byggeskikkpris frå Vindafjord kommune - 2004.

NRK Rogaland på besøk

For nokre år tilbake vart det på NRK Rogaland sendt ein reportasje frå museet. Denne varer i ca 3 min. Fila er av eldre dato og dermed ikkje av beste kvalitet, men likevel informativ og verd å ta ein kikk på.

NRK innslag
Kontaktinformasjon: Stuhaug Turisme - 5585 Sandeid - Tlf. 52761139