Skip to content
Sju bunadkledde modellar. Dei har på seg ulike Vest-Telemarksbunadar.

Handlaga bunadsølv

Handlaga unikt bunadsølv frå vår eigen verkstad. Gullsmed Aabø as er stolt av å levere bunadsølv av beste kvalitet. Vi er ei familieverksemd som lager bunadsølv til alle bunadane i Telemark.

Rik tradisjon

Telemark har rike tradisjonar på drakter, bunader og bunadsølv. Bunadsølvet vi lagar er etter modellar av dei gamle meisterane og våre eigne modellar. Vi er trufaste tradisjonsberarar av Telemarks sølvtradisjon.

Brudekrone og brudebunad

Nyhende

Sølvsmed

Lærling hjå oss.

Har du lyst til å bli filigranssølvsmed? Me søkjer ny lærling i filigransølvsmedfaget. Me tilbyer opplæring i tilverkning av bunadsølv til Telemarksbunadane. Me nyttar gamle handverksmetodar. Du vil også få prøve deg i butikkfaget. Som lærling vert du tilsett av eit opplæringskontor og utplassera hjå oss. Me samarbeider med MIA tradisjonshandverk sitt opplæringskontor på Strømmen. https://mia.no/tradisjonshandverk Du må ha interesse…

Telemarksprinsesse

Veggmåleri hjå Gullsmed Aabø

Nå er det gatekunst i Kviteseidbyen og me har fått eit flott veggmåleri på gavlveggen vår. Kunstnaren Gunn Marit Sanden frå Vrådal har måla ein stor versjon av hennar eige bilete "Vest-Telemarksprinsessa". Inspirasjonen til måleriet var brudekrona som gullsmed Aslak Aanund Aabø laga i 2005 og som me har til utleige i butikken. Gunn Marit Sanden fekk oppdraget med utsmykking av…

Utstilling Kviteseid bygdetun 2021

Aslak Aanund Aabø 90 år

Separatutstilling på Kviteseid Bygdetun. Aslak Aanund Aabø 90 år. Aslak var 90 år i vår. Tusen takk til styret i Kviteseid Bygdetun som ville ha denne utstillinga på Kviteseiddagen 2021. Det vart eit flott arrangement. Jubilanten sette stor pris på det og på kåseriet til Dag Rorgemoen (sjå tekst lenger ned), og på slåttespelet til  Per Anders Buen Garnås.  …

TILBOD i nettbutikken!

Jolegateopning i Kviteseidbyen. Tilbod i nettbutikken vår denne helga.  Det er 20% avslag på mange varer. Ikkje bunadsølv. Skriv inn kupongkoden; joletre2020  i handlekorga. Tilbodet gjeld til og med sundag 29.11.2020

Back To Top