Vandretur til Skåla

Vandretur til Skåla

Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen. I alle år har dette vore eit populært fjellmål, og mange har sprunge opp bakkane for å slå rekordane som går på folkemunne.

Skåla ruvar 1848 meter over fjorden og bygda Loen i Stryn. Fjellet er det høgste i Noreg med fot i fjorden, og stien opp er bratt og til dels krevjande opp steinura. Denne turen er spektakulær og utsikta heile vegen opp er fantastisk. Store delar av turen går ein i Josteldalsbreen Nasjonalpark. Stien opp vart bygd samtidig som Skålatårnet i 1891 og har i nyare tid vert restaurert av dugnadsfolk og sherpaer frå Nepal.

Turen opp til Skåla startar ved Tjugen. Når ein kjem frå Loen ligg det ein
Skåla ruvar 1848 meter over fjorden og bygda Loen i Stryn. Fjellet er det høgste i Noreg med fot i fjorden, og stien opp er bratt og til dels krevjande opp steinura. Denne turen er spektakulær og utsikta heile vegen opp er fantastisk. Store delar av turen går ein i Josteldalsbreen Nasjonalpark. Stien opp vart bygd samtidig som Skålatårnet i 1891 og har i nyare tid vert restaurert av dugnadsfolk og sherpaer frå Nepal.

Turen opp til Skåla startar ved Tjugen. Når ein kjem frå Loen ligg det ein parkeringsplass med toalett og avfallshandtering på høgre handa. Turen startar på traktorvegen som ligg rett ved parkeringa, som etter ei stund går over til sti og når ein nærmar seg toppen er det steintrapper.
Turen er ein svart tur, så ein burde vere forberedt på ein til dels krevjande tur. Turen tek 3-5 timar ein veg, og det er viktig å ta med seg vatn og mat til heile turen.

På toppen av Skåla finn ein to DNT hytter. Den eldste og mest kjende er Skålatårnet som vart bygd i 1891. Det var opphavleg tenkt som sanatorium og legen Hans Henrik Gerhard Kloumann var den som fekk ideen om å bygge det karakteristiske steintårnet.

I 2016 åpna den nye hytta Skålabu som også er ei DNT hytte. Tårnet har 20 sengeplassar fordelt på tre "etasjar", der er proviant for sal, sjølvbetjening. I Skålabu er der 20 sengeplassar, der 10 av desse kan bookast på førehand. Hytta er open heile året, og det trengs ikkje nøkkel. I tillegg til 20 sengeplassar er der 10 ekstra madrasser. Det er tilrettelagt med to hundebur under trappa i Skålabu, der hundeeigar kan sove på hemsen i tilknyting til desse.

Skåla tronar høgt over Loen og ein av dei mest populære toppane i området. Turen startar nesten i fjæresteinane, på parkeringsplassen ved Tjugen i Loen. Her i frå føl du sommarruta oppover. Som regel stikk det opp ein varde her og der. Frå midten av mai må ein rekne med å bere skia opp til ca 750 moh. (Tjugensetra) Ver obs på mogleg skredfare langs elvane Fosdøla og Skålaelva, og pass opp for skred på nordsida av sommarruta etter passering av Skålavatnet. Dersom tåka kjem sigande bør ein vere veldig forsiktig mot slutten av denne turen, då det er bratt på begge sider av toppen. Hugs kart og kompass! La denne turen vente om det er nedbør eller tåke!

Fallhøgde: rundt 1800 meter. Tid: 6 timar.
Anbefalt sesong topptur: Mars – mai.
Vi anbefaler sterkt å gå denne turen med guide.
Utstyr: sekk, spade, søkestang, sender/mottakar, mat og drikke.

Info:

Attributes

Sommer
Vår
Høst