OPNINGSTIDER

Loen Skylift går kontinuerleg i opningstida, med avgong minimum kvar halvtime. Billettane er ikkje knytt opp mot tidsbestemte avgongar, så billetten er fleksibel på når du ynskjer å ta bana opp eller ned.
Planlegg du å ete i restauranten? Bestill bord her.

Fjordshop/billettkontor har samme opningstider som Loen Skylift.

 
 

PRISar vinteR

16. oktober 2023 - 30. april 2024

 
 

Klikk her for prisliste sommar 2024

Billettar for vintersesong er tilgjengeleg frå 16. oktober 2023 til og med 30. april 2024
Billettar for sommarsesong er tilgjengeleg frå 1. mai til 13. oktober 2024

Merk følgande:

  • Du kan kjøpe billettar i webshop, på automat og i skranken i Fjordshop. NB: Gruppebillettar (familiebillettar, klippekort) og sesongkort kan kun kjøpast i billettkontor i Fjordshop. Billettane er ikkje knytt opp mot tidsbestemte avgongar, så billetten er fleksibel på når du ynskjer å ta bana opp eller ned. Gyldighetsdato står på billetten (sesongstyrt).

  • Born frå 5 år og yngre får gratisbillett på bana. Barnevogner kan takast med uten ekstra kostnad.

  • * Familiebillett gjeld for 2 vaksne + 2 born (6-15 år). Ekstra born kan leggast til, sjå prisliste.

  • Årskort er gyldig 365 dagar frå kjøpsdato, og kan kun kjøpast på billettkontoret i Fjordshop. NB: Personleg oppmøte er naudsynt sidan vi tek bilete av personane som skal leggast inn på kortet. Årskort er personlege og kan kun nyttast av kortinnehavar. Utlån av personlege kort medfører at kortet blir sperra.

  • **Årskort familie gjeld for 2 vaksne + deira born (6-15 år). Familieårskort gjeld kun medlemmar av næraste familie (t.d mor, far og born). Familieårskort kan inkludere ungdom i familien frå 16-25 år mot eit tillegg på NOK 1000 per ungdom. NB: Personleg oppmøte er naudsynt sidan vi tek bilete av personane som skal leggast inn på årskortet. Årskort er personlege og kan kun nyttast av kortinnehavar. Alle som er registrert i Årskort familie får sitt eige kort. Par som er gift eller sambuarar (utan barn) kan også kjøpe årskort til familiepris.

  • Ambassadørkort gjev rett til å kjøpe tur/retur, envegs og dagspass (1-3 dagar) til 50% (ikkje sesongkort eller gruppekort etc). Kortet er kun til eige personleg bruk. Gyldighetstid: Eitt år frå kjøpsdato. Du må kjøpe keycard og billett i tillegg ved kjøp av ambassadørkort.

  • Ledsager med ledsagerbevis får følge bane utan kostnad. Person med ledsager må kjøpe ordinær billett i billettluka, og får samstundes billett til ledsager.

  • Dags-, todagers- og tredagerspass er personlege og kan kun nyttast av kortinnehavar. Med dagspass kan ein reise opp og ned med Loen Skylift så mange gongar ein ynskjer i løpet av dagen. Det er kun gyldig den dagen det er aktivert. Todagers og tredagerspass gjeld kun påfølgande dagar.

  • Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

  • Gjesten må ha gyldig billett/kort for å kunne gå om bord på Loen Skylift. Strek/QR kode på billett vert lest i adgangsporten før ombordstigning. Ved misbruk blir ein fråtatt billett/dagskort/sesongkort/årskort, ilagt gebyr og blir bortvist frå Loen Skylift sitt område.

  • Loen Skylift refunderer ikkje billettar grunna vêr eller andre forhold som tilseier at det vil vere uforsvarleg å opne pendelbana.

  • For generelle kjøpsvilkår sjå dette dokumentet.

Fakta om Loen Skylift

  • Det er plass til 35 passasjerar i kvar vogn (2 stk).

  • Turen tek 5-7 minutt kvar veg.

  • Avgong minimum kvar heile og halve time, men oftare ved stor pågong.

  • Billettar kan kjøpast på nett, i billettluke i Fjordshop og på automat i Fjordshop, fjordstasjon og på toppstasjonen.

  • Det er universell utforming i bana og bygningane knytt til Loen Skylift. Dette vil seie at heile anlegget er handicapvenleg.

  • Loen Skylift er ei pendelbane, der teknologien er basert på vektutligning med to store vogner, der den eine går opp medan den andre går ned.

  • Leverandør er sveitsisk-østerrikske Doppelmayr Garaventa, den største leverandøren i verda på taubaner.

Foto: Andris Potass

Foto: Andris Potass