På toppen av Hoven 1000 meter over fjorden får du sommarfuglar i magen og vind i håret. Til saman er Ziplinene 220 meter lange (125 + 95 meter). Her flyr du over øverste del av jølet, med utsikt ned mot Gjølmunnebrua i Via Ferrata Loen. Ziplinene ligg berre 5 min gange nordaust frå toppstasjonen til Loen Skylift, og er lokalisert ved stien frå Via Ferrata Loen. Mange bruker også Ziplinene som avslutning etter via ferrata turen. Ziplinene har start og avslutning på Hoven.

Sesong: Juni - oktober

Opningstider 2024

Zipline er open laurdag 1. og 8. juni, tysdag 4. og 11. juni, og dagleg 15. juni - 18. august kl 13 - 18.
Om hausten er Zipline open kvar laurdag kl 13-18 (til og med 12. oktober). I tillegg vil Zipline truleg halde ope kvar tysdag kl 10-16 frå tidleg i juni til midten av september. Ved gode vêrtilhøve vil Zipline vere open også i haustferien.

Du kan enten bestille online eller kjøpe billett i Fjellbutikken i 2. etg på Loen Skylift Fjellstasjon. Grupper over 15 personar kan bestille utanom ordinære opningstider.

Kontakt Loen Active for meir informasjon.

Prisar


FAKTA

  • Min/maks.: Min 30 kg, og maks 120 kg pr deltakar.

  • Kapasitet: Ca 50 personar per time.

  • Normal fysisk form

  • Vanskegrad: Enkel (men luftig)

BESTILLING / KONTAKT

Bestill online eller kjøp billett i Fjellbutikken i 2. etg. fjellstasjon (Loen Skylift). Grupper på over 15 personar kan bestille utanom dei ordinære opningstidene.

Spørsmål? Kontakt Loen Active, tel +47 57 87 58 00, eller post@loenactive.no

LOKALISERING ZIPLINER