Skip to main content
Unknown Component
civid: 5ab191bd8093ad1bd009e08c
name: plugins_common_social_share (widget)

Charlie og sjokoladefabrikken - musikal med Skarvebarna

Skarvebarnas musikal; Charlie og sjokoladefabrikken, i Ål kulturhus laurdag 29. mars kl 18.00 og sundag 30. mars kl 15.00. Ål i Hallingdal.

Kjøp billetter her

Musikal med Skarvebarna

Charlie og Sjokoladefabrikken er historia om unge Charlie Bucket, eit fattig barn med stor fantasi som veks opp hjå den kjærlege familien sin nær ein mystisk sjokoladefabrikk.

Fabrikken er eigd av den geniale og utrulege Willy Wonka. Tilsynelatande er den heilt stengt – ingen kjem ut, og ingen går inn. Men ein dag lyser Willy Wonka ut ein stor konkurranse. Fem gullbillettar er gøymde i fem sjokoladeplater, og i alle kioskar og utsal kjempar barn om å få fatt i dei. Fem heldige vinnarar står att til slutt og får bli med på ei spektakulær reise inn i den fantasifulle og magiske verda inne i fabrikken.

Forestillinga høver for heile familien!

Vegar Dreier, Oddbjørn Kvile Gauteplass og Lars Ivar E. Larsgard står på scena saman med nesten 40 barn og ungdomar frå Skarvebarna.
Dei lovar fargerike karakterar, song, dans og massevis av sjarm.

Velkomen!



Billetter

Sist oppdatert: 12/11/2024

Kilde: Hallingdal Reiseliv

Charlie og sjokoladefabrikken - musikal med Skarvebarna

Billetter

Sider du nylig har besøkt