Dynamic Variation:
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Eastern Norway Hallingdal Ål

ELG med band i Ål Kulturhus

Overview

ELG med band i Ål Kulturhus. 9. november kl 19.00. Gjer kvelden til ein heilaften med middag på Thon Hotel Hallingdal før konserten i kulturhuset. Middag kl 17.00. Eigen meny.

ELG
Vinnar av Århundrets stemme!

Øivind Elgenes/ELG er mest kjent som sjølvaste stemma i Dance With A Stranger. Som soloartist har han også vorte ein folkekjær sangar, gitarist og låtskrivar som i snart 40 år har gjort seg bemerka, også langt utover landets grenser. I år fyller ELG 60 år, noko som definitivt skal bli markert både med nytt album og konsertar i store delar av landet.

12. mai gjekk han sigrande ut av TV2 sitt program «Århundrets stemme» etter 10 veker og over 20 låtar. Hardtarbeidande ELG slepp i år det 7 soloalbumet sitt, "Det går ein drøm gjennom landet", og følgjer opp dette med ein jubileumsturné med band. Denne gongen har låtane fått norske tekster, noko publikum har etterspurt etter at han kom ut med albumet Storm i 2010. Fleire av låtane på dette albumet er framleis fast følgje på konsertane.

I fjor vinter gav ELG ut "Feelosophy" til gode kritikkar frå både lokal og nasjonal presse. Uansett setting, om det er band, duo eller solo, sluttar ikkje publikum å la seg røre av ELG sin heilt eigne måte å formidle på, noko han fekk bevist i den populære TV serien «Hver gang vi møtes». Tolkinga hans av deLillos sin "Hjernen er alene" er framleis ein «snakkis» også blant andre artistar. TV2 gav han då ”skulda” for å lage kunst på live-TV.

Konserten i Ål kulturhus denne kvelden vil naturleg nok bestå av fleire låtar frå det nye albumet, men også publikumsfavorittar frå dei tidlegare albuma hans.

Gjer kvelden til ein heilaften med middag på Thon Hotel Hallingdal før konserten i kulturhuset. Middag kl 17.00. Eigen meny.

På vegen i sommar og haust har han med seg ELGbandet sitt:

Elg – gitar, vokal
Kyrre Sætran - bass og vokal
Trond Helge Johnsen - gitar og vokal
Bjørn Jenssen – trommer

  • Last Updated: 13.08.2018
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

fre 9. november 2018 19:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
ELG med band i Ål Kulturhus
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad