Dynamic Variation:
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Eastern Norway Hallingdal Ål

Henning Kvitnes & gutta i bandet

Overview

Henning Kvitnes. Nytt album høsten 2018. Konsert i Ål Kulturhus 17. oktober 2018 kl 19.00. Heilaften med middag i Hallingdal Feriepark kl 17.00 om ein ynskjer. Eigen meny.

”40 år på veien – og 60 runder rundt sola”

På seinsommaren 2018 slepp Henning Kvitnes eit nytt album; 60 runder rundt sola – og feirar samtidig 40 år på vegen med ein turné med ”Gutta i Bandet”. Seks guttær på scena og venteleg fullt i salen.

Turnéen blir ingen mimring i gamal grut, men ei blanding av nye songar, dei mest kjende, og nokre gløymde eller gøymde perler frå den svært store samlinga hans av songar på norsk. 

Det var eigentleg ikkje meininga å gje ut fleire album, men songar pressa seg på og ville ut i verda – og eit trufast publikum fortener noko nytt…

Poetisk, melodiøst, rocka, humoristisk og personleg er stikkord - frå ein jordnær sangpoet frå heilt søraust i landet som dei siste 10 -15 åra har hatt ei eventyrleg publikumsoppslutning.

Gjer kvelden til ein heilaften med middag i Hallingdal Feriepark før konserten i kulturhuset. Middag kl 17.00. Eigen meny

 

På Scena:

Henning  Kvitnes:                            Sang og gitar

Freddy Holm:                                   Div. strengeinstrumenter, kor

Eivind Ystrøm Petersen:                 Gitar og kor

Jon-Willy Rydningen:                      Div. tangentar

Tor Hauge:                                      Trommer og perkusjon

Rino Johannessen:                          Bass og kor  

Ikkje vent med å bestill billett, dei blir fort borte!

  • Last Updated: 13.08.2018
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

ons 17. oktober 2018 19:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Henning Kvitnes & gutta i bandet
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad