Juleutstilling Gol Kunstforening
JULEUTSTILLING i Pop-up Galleri Gol Sentrumsvegen 68
♦️♦️♦️♦️♦️♦️♦️♦️♦️♦️
SALSUTSTILLING OPNAR FREDAG 28.NOVEMBER KL 18.00!
Det blir gløgg & pepparkaker og musikk ved Issin in Bloom og Audun HT.
DENNE GONGEN HAR VI FÅTT MED OSS FEM ULIKE KUNSTNARAR:
Aino Jensen er glaskunstnar.
Ho kjem opprinneleg frå Danmark, men er no busett på Hvittingfoss. Ho har sidan 1999 bygd seg opp som ein anerkjent kunstnar. I dei siste åra har ho arbeidd meir med skulpturelt glas. Ho har skapt meir enn 20 utsmykningar til offentlege bygg og private bedrifter, og delteke på ein rekkje utstillingar i Noreg.
Eva Laila Hilsen arbeider med grafikk og måleri, teikningar og småobjekt.
Ho har utdannning frå mellom anna Kunsthøgskulen i Oslo og Bergen, Statens Kunstakademi (grafikk) og Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (teikning). Ho er fødd på Gjøvik, men bur og arbeider i Valdres.
Hilde Elisabeth Grønsund er norsk vevar, busett i Normandie i Frankrike. Ho har blant anna gått i vevlære i Bretagne, i tillegg til å vera utdanna lærar med fransk, historie, kunsthistorie og norsk i fagkrinsen. Ho jobbar med naturmateriale som ull frå ulike sauerasar, pels og hår frå alpakka, geit, kamel og yak, og fiber frå planteriket som lin, hamp og bomull. Ho hentar inspirasjon frå både norsk og fransk natur, men og frå middelalderhistorie i Normandie, der norsk historie er fletta saman med fransk historie.
Gro Kolandsrud kjem frå Oslo, men er busett i Numedal. Ho har diplom fra Kunst- og handverksskulen frå 1978, og har drive eigen verkstad sidan. Ho arbeider som kunsthandverkar i sølv, gull og emalje, og kombinerar også sølv med anna materiale, som til dømes tre. Ho lagar smykke, skeier og boksar etter eige design. I 2024 fekk ho Kulturprisen i Nore og Uvdal.
Mette Paalgard er frå Skurdalen, men bur og arbeider i Henningsvær der ho er medeigar i glashytta Kristiansen&Paalgard på Engelskmannsbrygga. Ho er utdanna ved Glasskolan i Kosta, Sverige og The Royal Academy of Fine Arts, School of Design, Bornholm.
Utstillinga varer til og med 14. desember, og vil vera open torsdag, fredag, laurdag og sundag kl. 13.00-17.00. ❤️VELKOMMEN❤️
Sist oppdatert: 11/26/2025
Kilde: Hallingdal Reiseliv
Juleutstilling Gol Kunstforening