Dynamic Variation:
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Eastern Norway Hallingdal Ål

MAN

Overview

MAN, danseforestilling. Onsdag 28. november kl 19.00. Ål kulturhus.

Ei forestilling litt utanom det vanlege!

MAN - i tydinga mann og menneske - er eit prosjekt i krysningspunktet mellom to kulturar. Gjennom alvor og absurd humor skildrar MAN enkeltmennesket sin kamp for eigen indre balanse. MAN spelar seg ut som ein dialog mellom koreograf Sølvi Edvardsen og dansaren Sudesh Adhana, i tett samarbeid med komponisten Kim Sølve og gruppa hans Swarms og lysdesignar Paul Vidar Ramon Sævarang.

Både Sølvi Edvardsen og Sudesh Adhana arbeider innanfor eit vidt spenn av rørsle, frå eit finstemt indre språk til stor fysikk. MAN er eit prosjekt som ynskjer å koble og utdjupe kva som er mogleg for forteljing og formidling innanfor dette registeret gjennom ein utøvar på scena. Etter 35 år som koreograf ynsker Sølvi Edvardsen å forsterke interessa for enkeltmennesket ved å gjere eit djupdykk i ein dansekunstnar.

Å finne det maksimale med det minimale er essensen i forestillinga. Ei naken scene blir endra kun av lys og projeksjonar som dannar ramme for ein dansar som søkjer å famne ein prosess som belyser det å arbeide konstruktivt for å finne eigen indre balanse.

Forestillinga MAN hadde premiere under CODA Oslo International Dance Festival i oktober 2015. Forestillinga har sidan vore vist på ICE HOT Nordic Dance Platform, DanseFestival Barents og Fyrverkeriet Festival. Forestillinga skal på ein lengre turné i Canada i januar 2019.

MAN er samprodusert av CODA Oslo International Dance Festival og Riksteateret.

 

Koreograf: Sølvi Edvardsen

Film, kostyme, rekvisitt: Sølvi Edvardsen

Saum: Johanna Sutinen

Metall: Arne Øystein Lunner

Produsent: Kirre Arneberg

 

  • Last Updated: 13.08.2018
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

ons 28. november 2018 19:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
MAN
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad