Dynamic Variation:
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Eastern Norway Hallingdal Ål

Storhelg i Hallingdal 2018

  • Ål Kulturhus og Hugnadheim, Myren 40, Ål
  • 19. oktober 2018 - 21. oktober 2018
  • (3 Upcoming Dates)
Overview

Storhelg i Hallingdal. 19.-21.oktober. "Bytting" fredag 19. oktober kl 19.30 og "Meister og elev" sundag 21. oktober kl 15.00

For femte år arrangerer Hallingdal Juniorspelemannslag, i samarbeid med Ål kulturhus og folkemusikkmiljøet i dalen, Storehelg i Hallingdal.
Her er det kurs i spel, song og dans for ungdom frå 14 år, og i tillegg er det opne forestillingar.

Storhelga startar fredag 19. oktober med forestillinga Bytting og blir avslutta sundag 21. oktober med forestillinga Meister og elev.
Laurdag er det kursdag i song, spel og dans for ungdom (eiga påmelding når det nærmar seg. Følg med i Hallingdølen).

BYTTING (fredag 19. oktober kl 1930):

Bytting er ei forestilling der dansen, musikken og forteljinga går hand i hand. På scena står to skodespelarar og to musikarar: Silje Risdal Liahagen og Elisabeth Syrdahl Ellingsen, begge folkedansarar, kvedarar og utdanna musikalartistar, saman med multi-instrumentalist Selma French Bolstad og perkusjonist Christian Svensson.

Musikken er komponert av Selma French Bolstad og manuset er skreve av Eldgrim Springgard. Idé og konsept står Liahagen og Ellingsen for, og dei har hatt med seg Indra Lorentzen på instruksjon og som regikonsulent. Saman har dei skapt ei historie med klangbotn i overtru, tradisjon og folkekultur, der musikken, dansen og teksten lyfter publikum inn i det universet der handlinga føregår.

"Ei jente spring åleine heim frå stølen på bufardagen. Storesyster, mor og far kjem etter same vegen, men når dei kjem fram til tunet er ikkje jenta der. Dei leiter heile natta og dagen derpå, til dei til slutt finn luva og gjetarstaven hennar ved ei myr. Jenta har vorte haugteken på vegen heim. Ei kvinne ventar born. Ho er åleine på eit lite åsbruk som ligg for seg sjølv. Ho føder ein gut, men så kjem uvissa. Er det hennar gut?"
 

Meister og elev (sundag 21. oktober kl 1500)

Sundag kan du få med deg den spennande forestillinga "Meister og elev" i Ål kulturhus. Her stiller artistane som har vore instruktørar gjennom helga opp på scena saman med eit 50-tals ungdomar.

Meistrane er Inge Gjevre, Per Anders Buen Garnås, Jan Beitohaugen Granli, Camilla Granlien, Rasmus Kjorstad, Simon Hesselberg Løvald, Ami Pettersson, Gunnlaug Lien Myhr, Selma French Bolstad, Ole Aastad Bråten, Margit Myhr og Eilif Gundersen. Dei vil, saman med ungdomane, halde ein variert konsert med feler og langeleik, torader og munnharpe, song og dans. I solo og samspel vil dei vise kva dei er gode for etter timar med kurs og opplevingar i løpet av helga.

 

Få med deg både fredag og sundag, og kjøp fellesbillett til redusert pris. Denne kjøper du under forestillinga "Meiser og elev".

Arr: Hallingdal Jr. Spellemannslag

  • Last Updated: 13.08.2018
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

fre 19. oktober 2018

lør 20. oktober 2018

søn 21. oktober 2018

See All
Storhelg i Hallingdal 2018
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad