Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Viken ÅL

Rolf Nesch Museum Ål i Hallingdal

  • Ål Kulturhus, Ål
  • +47 32085100
  •  /  km From You
Overview
Details

Nesch-museet. Ål kulturhus. Ål i Hallingdal.

Nesch-museet

Ynskjer du å sjå vakker og spennande kunst av den tysk-norske grafikaren Rolf Nesch (1893-1975) er du hjarteleg velkomen til Ål kulturhus.
Her har me verdas største, permanente, offentlege utstilling av kunsten til Rolf Nesch.
I museet, som opna i 1993, kan du sjå både teikningar, måleri, grafikk, skulpturar og materialbilete og lære meir om denne fantastiske, verdskjende kunstnaren som budde i Ål i over 20 år.

Om Rolf Nesch

Rolf (Emil Rudolf) Nesch var ein tysk-norsk skulptør og grafikar. Han vart fødd i 1893 i Ober-Esslingen, Württemberg i Tyskland. Då han i 1933 flykta frå nazi-Tyskland og deira negative kunstnarsyn, var han allereie ein høgt respektert kunstnar i heimlandet

Valet for nytt heimland fall på Noreg. Eit land som hadde fostra ein så dyktig kunstnar som Edvard Munch måtte vere eit godt land å bu i, meinte Nesch. Den fyrste perioden i Noreg vart likevel svært vanskeleg for den tyske kunstnaren, men etter nokre år i fattige kår betra situasjonen seg. Rolf Nesch vart etterkvart ein kjend kunstnar som fekk stor innverknad på den yngre generasjonen kunstnarar her i landet. Han er internasjonalt kjend som ein av dei store fornyarane innan grafikken, med metodar som gjennometsing og metallgrafikk.

Nesch hadde ein enormt stor produksjon som omfattar både grafikk, materialbilete, måleri, skulptur og teikningar. Han er særleg kjent for å lage grafikkseriar med fleire motiv av same tema. Døme på dette er seriane St. Pauli, Hamburger Brücken, Karl Muck og hans orkester, Sne, Lofoten, Å svømme og Å fly. Elles er det store materialbiletet Sildefiske kjent. Dette heng i Indekshuset (Industrien- og eksportens hus) på Solli plass i Oslo.

I 1950 gifta Nesch seg med skodespelarinna Ragnhild Hald og året etter kjøpte dei garden Rud i Ål. Han døypte garden om til Ragnhildrud, og her budde og arbeidde han resten av livet sitt. 
Rolf Nesch døydde i 1975.

Du kan lese meir om Rolf Nesch her: www.nesch.no

 

 

 


  • Last Updated:
  • Source: Hallingdal Reiseliv

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilgjengelig for rullestolbrukere

Price

Description Price*
Pris 45,00 Pr. person
Pris For grupper på min 10 pers. 35,00 Pr. person
Pris For barn under 16 år 0,00 Gratis
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages