Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab377c1cf6b71bf1e10ec
name: plugins_common_social_share (widget)
Ål

Steinstugu til Eivind Fredlaus

Steinstugu til Eivind Fredlaus

Vandring, Ål i Hallingdal.

Flott, lettgått tur til en av Eivind Fredlaus sine gjemmesteder i Leveld.

Kjøprebeskrivelse:

Følg Rv7 ca 3 km austover frå Ål sentrum. Ta av til venstre mot Bergsjø/Vats og følg Nordbygdvegen (Fv 2930) gjennom Votndalen til Leveld. Køyr forbi kyrkja og skula. Ca 900 m etter skula kjem du til Leveld Kunstnartun, på venstre hand.

Parkering på parkeringsplassen ved Leveld Kunstnartun, Nordbygdvegen 1025.

2,5 km rundtur. 680 – 741 moh

MRK: i dette området beitar det kyr og kalvar. Me anbefaler alle om å halde avstand og helst gå turen att og fram i staden for som rundtur. Me anbefaler IKKJE å ha med hund på turen!

Frå p-plassen går du ca 100 m tilbake på Nordbygdvegen. Ta til høgre inn på stigen som går forbi Kunstnartunet, over ei bru og inn i skogen bak Kunstnartunet. Følger merkinga mot Steinstugu, fyrst vestover i lysløypa, deretter stigen litt bratt opp mot Steinstugu. Denne plassen var ein av gøymestadane til Eivind Fredlaus, som han nytta når han våga seg ned i bygda. Frå Steinstugu går du ned at det bratte partiet og kjem inn att på hovudstigen. Følg denne austover, i lysløypa, og du kjem tilbake til brua og Leveld Kunstnartun.

I skogen er det ei permanent kunstutstilling med Birgit Hagens tekstilkunst.

For detaljert turbeskrivelse, kart og høydeprofil se https://ut.no/turforslag/1112156811/steinstugu-til-eivind-fredlaus-10-turfavorittar-2022

Kart steinstugu til Eivind Fredlaus - pdf
Høydeprofil steinstugu til Eivind Fredlaus - pdf

For mer detaljert kart:Reineskarvet 1:50 000

Kilde: Hallingdal Reiseliv

Steinstugu til Eivind Fredlaus

Sider du nylig har besøkt