Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
 
Search
Ad
Eastern Norway Hallingdal

Stavkirketomta

  • Møllevegen, Nesbyen
  •  /  km From You
Overview

Les historien om den gamle stavkirketomta i Nes

Kva fortel utgravinga på den gamle kyrkjegarden? Kyrkjebygget har alltid hatt ei sentral plassering i bygd og by over heile landet. Slik også i Nes. Den gamle kyrkjegarden låg midt i den delen av Nesbyen som vi i dag refererer til som Gamle Nes. Den gamle stavkyrkja vart riven i 1864 etter at nyekyrkja vart teken i bruk to år før.

Etter initiativ av Nes kommune vart det i 1965 sett i gang arkeologiske utgravingar av dei gamle stavkyrkjetuftene. Håkon Christie frå riksantikvaren sto for arbeida. I tillegg til å avdekke dei tydelege spora etter stavkyrkja, fann han òg reistene etter ei eldre kyrkje som hadde vorte offer for ein brann. Forskarane meiner at den yngste kyrkja vart bygd ca 1250, mens den brente kyrkja kan ha vorte reist ca 100 år før. Ved utgravingane fann ein også indikasjonar på at det kan ha vore eit endå eldre bygg på same plassen, altså eit tredje hus der kyrkjene hadde stått. Det vart teken C 14 prøver av eit kolstykke frå den brente kyrkja for å få noko meir informasjon om alderen. Ein fann då at stokken som denne kolbiten stamma frå, vart felt ein gong på 800-talet. Når stokken frå den brente kyrkja var så gamal, er det truleg at denne har vorte teken frå eit tidlegare hus på same staden. At ein brukte opp att byggematerialer, var vanleg praksis. Det er så godt som sikkert at det har vore ein kultstad her frå førkristen tid. Då er det også nærliggjande å tenkje seg at huset frå førkristen tid har vore eit hov. Vi kan minne om at den opphavelege Nes-garden var næraste granne til kultstaden. Hovet og seinare kyrkja vart lagt på den mest sentrale staden i bygda.


  • Last Updated:
  • Source: Nesbyen
Click to activate
Nesbyen, Norway
The latitude and longitude
60° 34' 4" N / 9° 5' 44" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad