Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search

Southern Norway Setesdal Valle

Setesdalsmuseet på Rysstad

  • Rysstad, Valle
  • +47 37936303
  •  /  km From You
Overview

Setesdalsmuseet på Rysstad tek deg med på ei vandring gjennom kultur, historie og tradisjonar i Setesdal.

Setesdalsmuseet på Rysstad tek deg med på ei vandring
gjennom kultur, historie og tradisjonar i Setesdal. Museet har eit lite suvenirutsal og tilbyr enkel servering.

”So gjekk me kledde i Råbyggjelaget” har vi kalla museet si nyaste utstilling. Råbyggjelaget er det gamle namnet på dei indre og vestre bygdene i Aust-Agder, og hovudtema er draktskikken i dette området. Utstillinga gjev oss glimt frå kvardagslivet, men fokuserer mest på livshøgtider som dåp, konfirmasjon og bryllaup. Tablå med dokker, i kombinasjon med tekster og eit rikhaldig biletmateriale, gjer fortida levande for oss. Sjå også filmen ”Eit anna Setesdal”, som viser at setesdølane ikkje berre var opptekne av det som hadde vore. Aldri før hadde dei markert seg så kraftig i det offentlege liv som i tiåra før og etter år 1900.

I 2019 fyller Annemor Sundbø 70 år. Ho er internasjonalt kjend for sitt arbeid som faglærar, kunsthandverkar og forfattar, og er opp gjennom åra heidra med ei rekkje prisar og stipend. Ho har lagt ned  eit stort forskningsarbeid knytta opp til strikketradisjonane våre med utgangspunkt i setesdalskufta. Utstillinga har fått namnet «Spelsau og samspel», som er tittelen på den siste boka hennar.

I den vesle salen viser vi ei  jubileumsutstilling i samband med Setesdalsmuseet sitt 25-årsjubileum. «Det er ikkje berre gull som glitrar» har vi kalla den. Utstillinga viser spesielle og kulturhistorisk interessante gjenstandar frå magasina. Dessutan ein eigen vegg med originaltrykk av Nikolai Astrup.
 


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad