Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ac4c5c539df76cdbfe573
name: plugins_common_social_share (widget)

Valle

Turskiløyper Brokke Alpinsenter

Løypekart over Brokke

Skituristen:
Søkjer du kvite vidder og milevis med ope skiterreng. Ta turen frå Brokke Alpinsenter og innover langs Suleskarvegen til Øyuvsbu. Du møter ikkje ferdig tråkka løyper, då dette er inne i verneområdet, men du kan oppleve fjellet på sitt vakraste.

Treningsløypa for den spreke.
Parker på toppen av Brokke Alpinsenter, Kvisletoppen og gå turen inn til Myklevatn, kryss over Suleskarvegen og følg spora inn mot Raudetjønnskvæven vidare til Evardalen for så å sige nedover til Jarnsverk. Her går spora inn på ljosløypa og du ender turen på parkeringsplassen til Brokke  Alpinsenter. Er du riktig sprek, set du frå deg skia og springe dei dryge 3 km til toppen igjen (eller du kan ta stolheisen opp

Familieløypa:
Utgangspunkt er Brokke Alpinsenter:
- ljosløypa: 5 km i variert skogsterreng med mange fine rasteplassar langs løypa.
- ljosløypa og vidare opp mot Jarnsverk, langs Suleskarvegen eit lite stykke for så å holde til høgre mot Vardehei. Her kan du velje ei rundløype og ned att same vegen eller ta turen vidare inn til Evardalen for så å gå ”fjellet” tilbake eller følgje scootervegen heilt ned att.
- Stavtjønn ligg på toppen av Brokke Alpinsenter, Kvisletoppen og er ein fin liten rundløype. Passer godt for barnefamiliar og det er nå mogleg for å parkere på toppen. Langs denne løypa er det mange fine rasteplassar.

Last updated: 01/09/2024

Source: Setesdal

Turskiløyper Brokke Alpinsenter

Sider du nylig har besøkt