Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Celebrating the National Day
National Day in Setesdal.
Photo: Frode Buen
Campaign
Course
Event
Partner
Media
Meetings
Travel Trade
Tog og nasjonaldag-feiring frå nord til sør i Setesdal. Me ynskjer alle ein flott dag i vår vakre fest-pynta dal.

Program Bykle kommune

08:00 Flaggheising v/speidarane ved rådhuset og Bykle aldersheim.

09:15 Minibuss frå Bykle samfunnshus til Hovden og retur etter kulturprogrammet.

10:00 Gudsteneste v/Kristina Grundetjern i Fjellgardane kyrkje.

11:15 Flaggheising i Hovden sentrum og folketog til Hovden grendehus.

11:45 Velkomen v/Ingvild Hovden.

12:00 Leikar, aktivitetar og matsal på Hovden grendehus.

12:30 NRK TV sender direkte frå bunads-tog på ski.

14:30 Kulturprogram i kinosalen (kl. 14:00 viss dårleg ver).
* Tale frå ungdomane v/Bykle ungdomsråd.
* Tale for dagen v/Gerd Fosse Hovden.
* Utdeling av utviklingsstipend og kulturpris.
* Andre underhaldningsinnslag.

18:00 Open kyrkjekjellar i Bykle kyrkje. Ta med noko til felles måltid. (arr: Soknerådet)

19:00 Overføring av festkonsert med Kristiansand symfoniorkester frå Kilden i Kristiansand. Bilete i kinoformat og kinolyd.

Program Valle kommune

Hylestad
07:00 Skramletog frå Motorsenteret AS, Rysstad. Ta med skramleutstyr og blåser!

10:30 Biltog frå Rysstad sentrum til Valle sentrum.

11:00 Biltog frå Valle sentrum til Rysstad sentrum. 
Køyrerute: Tveitebø, Homme, Hallandsbrua, Dale, Valle sentrum, sørover på indre veg forbi skulen.
"Finast pynta bil"-deltakarar parkerer på P-plass ved soknehuset, på rekke mot riksvegen

12:00 Gudsteneste v/Kristina Grundetjern i Hylestad kyrkje.
Kransnedlegging og markering ved bauta v/9. klasse, Valle skule.

Valle Bygdeheim
10:30 Tale v/ordførar Steinar Kyrvestad. Kulturinnslag og allsong.

15:00 Overføring av festprogram frå Hylestad soknehus til Valle bygdeheim, dagsenteret. Opent for alle.

Hylestad Soknehus
12:45 - 15:00 Mat, aktivitetar og leikar.

15:00 - 16:30 Festprogram;
* Underhaldning, kulturinnslag, allsong.
* Tale  for dagen v/Lars Rysstad Nordgreen
* Utdeling av Valle kommune sitt utviklingsstipend for ungdom.
* Utdeling av Kulturprisen 2019.

 

Program Bygland kommune

08:00 Skramletog på Byglandsfjord. Oppmøte ved Byglandsfjord skule.
Skramletog på Bygland (oppmøte på tappen)

10:00 Byglandsheimen
Bygland hornmusikk spelar og Austad leikarring dansar. Tale v/Vidar Toreid.

11:00 Gudsteneste i Årdal kyrkje.

11:45 Kransenedleggjing og tale v/elevar frå 10. klasse ved Årdal kyrkje. Folketog til Landeskogen.

Program på Landeskogen
13:00 Bygland hornmusikk spelar. Tale for dagen v/Signe Sollien Haugå.

13:30 Austad leikarring dansar. Matsal, natursti, skyting og leikar startar.

14:00 Tautrekking for vaksne, Bygland VS Byglandsfjord.

14:30 Underhaldning inne i storsalen; Byglandsfjord barnekor og Kong Hanes eftf. opptrer.

16:00 Avslutning.

Program Evje og Hornnes kommune

Evje
08:45 Oppmøte Evje kyrkje

09:00 Gudsteneste v/Kristine Borgen.

09:45 Minnetale v/Tom Roger Øydne ved bautaen.

10:00 Barnetog til Evjeheimen gjennom Evje sentrum.

Hornnes
10:30 Oppmøte ved Hornnes kyrkje

10:45 Gudsteneste v/Kristine Borgen

11:30 Diktlesing av elevar i 7. klasse og minnetale v/Tom Roger Øydne

11:50 Folketog via Hornnesheimen til Setesdal vidaregåande skule.

Otrahallen
11:30 Otrahallen opnar.

12:30 Stort trylleshow med "Magisk moro" v/Jan Øyvind Larsen.

13:00 Russetale v/Knut Skjevrak.

13:15 Dagens tale v/ordførar Bjørn Robstad.

13:30 Song v/Gabriela Goik og Emma Vasland m/Bjørn Thore Aastveit på piano.

13:45 Song v/Nika Bezgina, UKM landsfinalist.

14:00 Song v/Tor Egil Vaule Andersen

14:15 Utdeling av idrettsstipend v/ordførar Bjørn Robstad.

14:30 Premieutdeling for natursti og tippekonkurransen.

16:00 Otrahallen stenger.

Gå til dekka bord på 17. mai

Dette er ein travel dag for spisestadene så ta kontakt på førehand for å reservere bord. Det kan og vere andre opningstider enn normalt på denne dagen.

Your Recently Viewed Pages