Dynamic Variation:
Choose Language
Search
D/S Bjoren a wood-fired steamer from 1867 D/S Bjoren a wood-fired steamer from 1867 D/S Bjoren a wood-fired steamer from 1867
D/S Bjoren a wood-fired steamer from 1867 D/S Bjoren a wood-fired steamer from 1867
Credits
D/S Bjoren a wood-fired steamer from 1867.
Photo: Anders Martinsen
Campaign
Partner
Media
Meetings
Travel Trade
Den gamle vedfyrte dampbåten er sjøsett, og nok ein travel sesong ligg framfor dugnadsgjengen på Byglandsfjord.
I 2017 er Bjoren 150 år og "still going strong".
Skrevet av André Vaaler.

Ein aktiv dugnadsgjeng

Det har aldri vore så populært som i år å ta ein tur med Bjoren. No må til og med søndagsturistane bestille på førehand.

- Det hender at vi må seie nei til somme, og det er lurt å ringe til Glashytta på Bygland for å sikre seg ein plass, seier kapteinen på Bjoren, Sven Robert Kleppe.

Saman med ein dugnadsgjeng, og med Bjorens venner som ivrige supporterar, har han halde på nokre år. Han er både kaptein og organisator og fortel at det nærmast var ein slump at han gav seg i kast med den berømte båten på Byglandsfjorden.

-Dei mangla ein til å køyre båten. Eg hadde sertifikata dei trong. Det eine tok det andre, og det blei meir og meir organisering. No er vi tre kapteinar, og eg trivst veldig godt med det. Det er gøy og sosialt, men innimellom kan det bli i det meste laget, smiler han.

Setesdalsmuséet har no teke over den administrative drifta av Bjoren, og dugnadsgjengen er spent på framhaldet. Denne sommaren er det bestilt 78 turar. Listene med mannskap er skrivne, og alt blir tilrettelagt for å gi turistar frå inn- og utland ei god oppleving på fjorden.

Kaptein på Bjoren i aksjon

Ikkje mas på "besten"

Alf Risdal er med på dei aller fleste turane. Han er matros, guide, billettør og servitør på Bjoren, og sommaren er derfor ei travel tid for Evje-mannen.

- Det er ikkje alltid det er like populært heime når eg er på fjorden, men tidvis er kona med, fortel han. Barna mine seier til barnebarna: De må ikkje mase på ”Besten” om sommaren, seier den travle bestefaren.

Han trur barna hans er stolte av det han held på med, og barnebarna har fleire gonger vore med ”Besten” på turen. Farten har då gått frå Byglandsfjord til Fånefjelltunnelen eller frå Bygland, gjennom slusa ved Storestraum til Skomeland og ned igjen. Søndagane er spesielt travle dagar for dugnadsgjengen, og dei har heller ikkje fri på måndagane, slik presten og klokkaren har.

- Folk som bur her, set pris på at båten går, men det å få lokalbefolkninga med på tur har ikkje alltid vore like lett. No ser vi fleire bygdefolk enn vi har sett på lenge, og det gleder vi oss over, seier maskinist Jarl Mykland.

Alt blir skrudd frå kvarandre 

Jarl Mykland har følgt livet rundt Bjoren i ei årrekkje og er ein av fleire i dugnadsgjengen som møtest jamleg gjennom vinteren. Tre-fire faste dugnadsarbeidarar møtest veldig ofte. Dei jobbar med vedlikehald, har gode kaffipausar og nyt det sosiale samværet. Det er Riksantikvaren som set standarden for oppussing og vedlikehald av Bjoren.

- Det går nok med eit årsverk for å få båten klargjord til ein ny sesong. Alt må skruvast frå kvarandre for å få ut vatnet. Motoren må demonterast, maskineriet blir plukka ifrå kvarandre og nye delar må lagast. Delane til den gamle motoren får du ikkje kjøpt. Alt må lagast på nytt. Er det slark i eit lager må det strammast inn eller lagast nytt. Vi har fått hjelp av fagfolk på Bredalsholmen i Kristiansand. Der får vi god rettleiing og hjelp, seier Jarl Mykland.

Risdal skjenkjer i ny kaffi, legg frå seg den lange lista med bestillingar og held fram:

- Vi køyrer frå 1. juni til 1. september. Bjoren kan bestillast for inntil 55 personar om gongen. Dersom somme arrangerer selskap om bord, bestiller dei maten sjølv. Bjoren har skjenkjeløyve for øl og vin, og har også diverse kioskvarer.

Full fart fremover.

Cruiseturistar

Fleire av dei planlagde turane er med cruiseturistar frå heile verda. Bussane går frå Kristiansand til Bygland, der cruiseturistane går på. Dersom kjelen er kald, går det med eit kvart mål for å varme maskinen og eit kvart mål for turen.

 - Mange av cruiseturistane er svært oppglødde for det dei er med på. Dei skal sjå på alt, dei filmar konstant og er storfornøgde. Vi tek ein times tur med dei, og vi ser at fjorden og naturen gjer inntrykk på gjestene. Det kan vere ein liten foss eller slusene på Storestraum, og elles dei vakre omgivnadene som Setesdal tilbyr, seier Risdal.

Han fortel om ein fuglekjennar som var med i fjor. På eit skjær sat måka og skarven venleg side om side. Det hadde denne mannen aldri sett før.

- Sånn er det her oppe i dalen, seier Alf. Her er alle venner! Han fortset: En tur med Bjoren er stas for gammal og ung. Dei gamle lever opp at gamle dagar og dei små synest alt er nytt og spennande. Eg såg aldri det vakraste i naturen vår før eg kom meg ut på fjorden. Dette er reine medisinen. Vi koser oss, finn roen og oppdagar nye ting heile tida, seier Alf.

Betyr mykje for bygda

Bjoren går heilt til Ose under Matfestivalen der, og køyrer då mindre turar ut på fjorden. Det er Bygland kommune som eig båten.

- Båten betyr mykje for bygda, han er vakker å sjå på, og den vedfyrte farkosten lagar ikkje ein einaste lyd. Båten ligg fint i vatnet, og er rett og slett eit smykke på fjorden, seier Mykland.

Dei måtte visstnok mase litt på Mykland for å få han tilbake som maskinist for nokre år sidan, men no fyrer han opp kjelen og tek kontroll på det heile i motorrommet.

- Mange seier at vi held båten fint, og det er godt å høyre. Det er alltid somme som vil følgje med på dampen og maskinen. Når det er godvêr på fjorden, er det veldig gøy. Er det grisevêr, har vi mest lyst til å vere heime. Dersom kjelen er kald, går det med eit kvart mål for å varme maskinen og eit kvart mål for turen. Alt avheng av kvaliteten på veden. Bjoren har aldri stoppa, seier han.

Bjoren på vannet

20 mai 1994

Natt til 20. mai 1994 skjedde det ein heilt spesiell transport frå Drammen til Byglandsfjord. Med spesialtralle og politieskorte via Kristiansand, etter restaurering i Drammen, var Bjoren endeleg tilbake.

- Det har aldri vore så mykje folk i Byglandsfjord verken før eller seinare, seier Alf. Han held fram: Dronning Sonja har også ved eit høve vore med på båten, og vi har hatt fleire andre spennande passasjerar om bord, seier han.

Fridomskjensle

Bjoren trekkjer turistar til Byglandsfjord. Dette året blir det meir folksamt enn nokosinne. Dugnadsgjengen gleder seg, og Mykland kjem med dei avsluttande orda:

- Når vi har vore på Bygland og dei siste passasjerane er trygt på land, kjem ofte den gode kjensla. Kjensla av at vi har bidrege til ei god oppleving. Då vinkar vi farvel, får skikkeleg damp på kjelen og smyg oss ut Byglandsfjorden. Då er fridomskjensla til å ta og kjenne på. Den dagen det ikkje er gøy lenger, då sluttar vi, avsluttar han.

Fakta om Bjoren

D/S Bjoren

Frå 1866

Den vedfyrte dampbåten Bjoren frå 1866 er ei oppleving av dei sjeldne. Båten går i rute søndager i juni, juli og august. Ein rundtur varer ca. 2,5 timar.

Ønskjer du å reise med Bjoren i sommar?

Utgangspunktet er Byglandsfjord, alternativt Bygland. For meir info og bestilling sjå www.bjoren.no eller ring 995 18 203.

Utanom dei faste rutene kan det køyrast turer for grupper på opptil 50 personar. Passer ypperleg som avbrekk i bussturar, sykkelturar, for lag, foreiningar, firma, slektsstemne, bryllaup o.l. Det organiserast òg turar saman med restauranter, kafear og overnattingsstader langs Byglandsfjorden.

 

 

Your Recently Viewed Pages