Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Haugly Gjesteheim og bensiinstasjon
Haugly Gjesteheim og bensiinstasjon.
Photo: Ukjent
Campaign
Course
Event
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Tekst: André Vaaler, 07 media
Bilder: Privat, Nasjonalbiblioteket og Destinasjon Hovden

Har drive Haugly Pensjonat i over 50 år

I desember 2018 er det 50 år sidan heisen på Hovden tok dei første skientusiastane til topps.
Birgit Breive Lidtveit kom til oss med eit gamalt bilde og vi tok ein prat med henne.

Kulturprisen i 2017
Birgit har hatt kurs i bunadssying i 30 år, og kursa har ho halde på Fjellgardane skule og i Bykle. Ho syr stakk og skinnfu. Dette fekk ho kulturprisen for i 2017. Prisen blei utdelt 17. mai.

Birgit er fødd på Hovden. Både ho og Kjetil, mannen hennar, har tidvis budd i Kristiansand og på Austlandet, men då planane kom om å flytte heim til Hovden, var ikkje Birgit vond å be.

Haugly Gjesteheim
I juni 1954 opna foreldra hennar Haugly Gjesteheim. Eit pensjonat i det som var barndomsheimen hennar. Seinare blei det også bygd ein bensinstasjon ved sida av Haugly, som no har andre eigarar.
– Mamma laga mat på Gjesteheimen. Det gjorde ho heilt sidan opninga i 1954, men då det nye hotellet på toppen av kleiva vart oppført, vart det stopp på matlaginga. Mamma syntest ikkje at ho var flink nok, så frå 1968 blei det berre overnatting. I dag hadde ho sikkert halde fram med matlaginga, for no skal det vere meir heimelaga enn det var på 70-talet, seier Birgit.
Vertskap ved Haugly Gjesteheim

Familien Breive; Annelise (Søster til Birgit), ukjend gjest, Birgit, Gunhild og Bjørgulv 

 

Bygde hus i 1976
Haugly gjesteheim har plass til 21 gjester. Vintersesongen er hektisk, men på sommaren er det rolig. Birgit bur i Hovden sentrum. Saman med mannen hennar bygde dei eit hus i 1976.
– Det er meir folk her oppe no, og ikkje minst fleire barn. No er det fleire eg ikkje kjenner, slik var det ikkje før, seier ho.
Birgits far var frå Breive, og då Birgit var eit år, fikk han jobb på den første Vatnedalsdammen. Sonen Sverre Bjørn har drive bensinstasjonen nokre år, men køyrer no langrennsløyper for Hovden Løypekøyring. Birgit og mannen, Ketil, har døtrene Gunn Åse og Anne Liv.

Ho er glad i fjellet
Birgit budde i Kristiansand då heisen begynte å gå på Hovden. Ho hugsar godt at sesongen begynte i februar, og at det var hektisk til over påske. Ho syntest det har vore ei fin utvikling på Hovden, og det er spesielt positivt med to kolonialbutikkar og fleire andre nye butikkar som har kome til.
– Eg er glad i fjellet, men eg er ikkje så veldig hissig på ski. Vi gjekk nokre kilometer på ski til skulen kvar veg då eg var liten, og eg fekk nok av det på den tida, seier ho.

Birgit sin heimstad, Hovden

På Hartevassnuten, der bilda er tatt, peker Birgit på den enorme utviklinga som har vore her i desse femti åra. 
– Innimellom synest eg det har blitt for mange hytter her oppe, men eg kunne ikkje tenkt meg å bu ein annan plass. Eg må vere i Setesdal. Våren kan vere trist når skogen er svart og snøen framleis ligg. Men det er nydelig her om sommaren, og kanskje enda vakrare om vinteren. 
– Nå skal eg ut og rake, avsluttar ho.

 

Fakta om Haugly Gjesteheim

Bygd i 1954 som pensjonat, overnatting og servering

Egna for lag og foreningar eller familietreff

Sjølhushald

Sju soverom / 21 senger

Kjøkken, matsal og tv-stove

To dusjar, tre toalett og badstoge

Ligger sentralt ved Hovden sentrum

Nettstad