Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
View from Ørnenapen
View from Ørnenapen.
Photo: Geir Magne Feed
Campaign
Course
Event
Partner
Media
Meetings
Travel Trade
 
Geir Magne Feed har brukt 27.000 dugnadstimar på å få setesdølane ut i aktivitet. – Den gleda og motivasjonen ein får av å hjelpe andre, kan ikkje kjøpast for pengar, seier Geir Magne Feed. 

Tekst: Jan Frantzen, 07 media
Foto: privat

 

Han har gått alle løypene før deg

Geir Magne Feed er degleg leiar av Otra Tur & Løypeservice
og ansvarleg for:

Høgås Skianlegg

Himmelsynalauget

Flatebygd skianlegg

Lysløypa i Evje

– Det å skape aktivitet er det viktigaste 
for meg, å få folk opp frå godstolen, vekk frå PC-en og ut i aktivitet. 

 

Geir Magne Feed
 

Han har fått æresprisar, kulturprisar og eldsjelprisar i Agder for arbeidet sitt med å leggje til rette for idrett og friluftsliv på Evje. 

Sjølv vurderer Feed at han har brukt 27.000 dugnadstimar sidan han overtok som leiar for skigruppa Otra IL i 1990. Opp mot 1400 timar i året. Det er 27 timar i veka, eller i underkant av fire timar om dagen. 
 

Pensjonist
Mange av dei 27.000 arbeidstimane har han brukt som løypekøyrar. Han har ansvaret for tretten mil med turløyper i regionen, og dei blir flittig brukt. Dessutan står han bak eit konsept som inneber å besøke ti ”fjelltoppar” i nedre Setesdal. Hundrevis av deltakarkort blir selde kvart einaste år. 
– Det å skape aktivitet er det viktigaste for meg, å få folk opp frå godstolen, vekk frå PC-en og ut i aktivitet. Det betyr mykje for meg at folk bruker naturen, og eg blir overraska i positiv retning kvart år. Eg ser folk på toppen av Bertesknapen, folk som eg ikkje kunne tenkje meg ville vere med på aktivitetar. Folk/menneske i alle aldrer, sosiale lag og fysisk form deltar. Det er fantastisk

– Kva betyr dei for deg, dei prisane du har fått? 
– Eg set pris på at arbeidet eg har lagt ned, blir omtykt av andre. Men det viktigaste er å sjå at folk har det moro, og koser seg med aktivitetane eg set i gong, seier 61-åringen. 

 I mai 2017 blei Feed pensjonist. Dei siste femten åra av arbeidslivet var han rektor ved Evjetun leirskule, der sjette- og sjuandeklassingar frå begge Agderfylka og Rogaland driv med kanopadling, skogsturar, orientering, rafting, gokartkøyring og annan aktivitet. 

Geir Magne Feed

Ein hard trenar
Feed voks opp på ein gard i Sirdal, fem kilometer frå administrasjonssenteret Tonstad. Han blei tidleg aktiv langrennsløpar, vann krinsmeisterskap og deltok i NM. Som 16-åring begynte han som trenar, og i dag har han den høgaste langrennstrenarutdanninga innan Norges skiforbund. 
– Interessa for idretten låg bak alle avgjerdene eg tok, seier han.

Feed gjekk inn i militæret i 1978, og var idrettsoffiser i nesten 25 år – mange av desse åra på Evjemoen. Det betyr at han hadde ansvaret for all idrett og all fysisk trening i militærleiren. 
– Var du ein beinhard fyr? 
– Innanfor trening trur eg nok det, men ikkje elles. Og ein kan vere hard som trenar, og stille store krav, men samtidig ha smilet på lur. Det er viktig. Humør og glede er heilt avgjerande, seier han. 

I Militært NM har Feed sølvmedalje i patruljeløp og ein femteplass individuelt som sine beste resultat. Men det han hugsar best, er den alle fyrste sigeren. 
– Utøvarar hugsar ofte den fyrste sigeren best, og sånn er det for meg også. Det fyrste krinsmeisterskapet som senior minnest eg veldig tydeleg. Sekunderinga undervegs, den tette kampen med han som blei nummer to, og kjensla av å vinne – det å slå alle dei andre, kjensla av å lukkast med noko ein har trena for, fortel Feed. 

Trena Bjørndalen
Frå 1987 til 2001 var Feed trenar for det militære landslaget i både langrenn og skiskyting. I løpet av dei åra var også fleire sivile løparar med til meisterskap. Det inkluderte store namn som Thomas Alsgaard, Ole Einar Bjørndalen, Oddbjørn Hjelmeset og Egil Kristiansen. 
– Dei var fantastiske idrettspersonar. Men sjølv om dei var verdsstjerner då, og i enda større grad seinare, var dei vanlege menneske, seier Feed, og fortel at vår nyleg pensjonerte skiskyttarkonge var ein spesiell idrettsutøvar.  
– Det finst berre ein Ole Einar Bjørndalen. Då eg jobba med han var han tidleg i karrieren, og eg tenkte ikkje då at han skulle bli så god. Men eg la merke til spesielle ting. Han visste kva han ville. Han hadde ein veldig disiplin og konsentrasjon – han var eit fenomen på den måten. Han kunne liggje i køya si, med ti personar rundt seg på rommet, og berre stenge ute alt. 

– Kva var høgdepunktet ditt som trenar?
- Eg hugsar alle medaljane, men eg hugsar også samhaldet. På den tida hadde vi treningssamlingar med både langrennsløparar og skiskyttarar, av begge kjønn, og det skapte eit spesielt og godt miljø. I dag er det stort når Otra IL sine løparar tar medalje i krinsmeisterskap og andre konkurransar. Men idrettsglede er enda viktigare enn medaljar, og at ungdommane har framgang og trivast i hop, seier han.  

"Det er små gleder i kvardagen. Slikt får du ikkje oppleve dersom du ligg og purkar i senga."

Gleder i kvardagen
Vi møter Feed på Pernille kafé i Evje sentrum. Folk sit på benkane utanfor. Bilar susar forbi vegkrysset litt lenger ned i gata. Feed har budd på Evje sidan 1989, og trivst godt. Staden passar som hand i hanske for ein med dei lidenskapane han har. 
– Evje er ein passe stor plass å bu på. Ein har det ein treng, og er samtidig veldig nær naturen. Det er god anledning til aktivitetar, både sommar og vinter. Og så er kona mi frå Evje, så det er heilt perfekt. 

Han liker å reise, og har besøkt mange land. Men det blir sjeldan storbyferie. Feed liker aller best å sitje på ein fjelltopp og sjå utover naturen. 
– Soloppgangen på toppen av Himmelsyna, måneskinet klokka ti om kvelden - fullmånen som kjem opp frå havet, det er perfekt. Freden og roen er fantastisk. Når ein sit i løypemaskina klokka halv fem om morgonen, og ein orrfugl plutseleg flyg opp, eller ein hare hoppar fram – det er små gleder i kvardagen. Slikt får du ikkje oppleve dersom du ligg og purkar i senga.

Grooming equipment

Det snør ikkje skispor. Geir Magne har vore ute nokre timar når du er klar til å leggje i veg i nypreppa løype.

Your Recently Viewed Pages