Dynamic Variation:
Choose Language
Search
Eple-sigrid Eple-sigrid
Credits
Eple-sigrid.
Photo: Janne Grundetjern
Campaign
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Tekst: André Vaaler 07 Media
Foto: Janne Grundetjern, 07 Media

”Det går tomt heile tida. Eg får aldri annonsert”

 Tett inntil Byglandsfjorden ligg garden Monen. Her har Sigrid Lunden og ektemannen, Dagfinn, budd i 35 år, og epletrea til Sigrid har gitt mange ein utsøkt smak av Setesdal.

 

Ei bygd med mykje ungdom

Det var her den fyrste landbruksskulen i Setesdal blei anlagt i 1896. I 1916 flytta han til Bygland, då staten fekk kjøpe prestegardsjorda der. I tillegg til landbruksskulen var det husmorskule, så det var eit yrande ungdomsliv i bygda.

På Longerak budde det også ein syklande fylkesgartnar, noko som gjorde sitt til at mykje kunnskap var samla i den vesle bygda både landbruksmessig og kulturelt.

- Det er lunt og godt her på Longerak, og bygda er saman med Åraksbø frå gammalt av kjend som ei fruktbygd. Byglandsfjorden er ein fin temperaturregulator, og det er ikkje ofte frosten gjer store skadar. Fjorden held igjen blomstringa, seier Sigrid medan ho gløtter ut gjennom vindauget.

Eple fra Bygland

Tok over garden i 1981

- Eg er yngst av tre sysken og trudde ikkje det var eg som ein dag skulle klyppe epletrea og vakne til morgondis over Byglandsfjorden. Bror min ville jobbe i skulen, og systera mi var misjonær. Til slutt blei det eg som tok over, fortel ho.

Ho fortset: - Eg trefte Dagfinn. Vi gifta oss og busette oss på Birkeland. Eg arbeidde då på kontor, og Dagfinn hadde fleire sesongjobbar. Me vart verande der til vi tok over garden her i 1981. Far min dreiv med sau nokre år etter me overtok, og Dagfinn bygde opp ein pelsdyrfarm som var ei god attåtnæring på den tida. Seinare vart det gris og korn i tillegg til skogsdrift. Dagfinn har også lafta hytter og arbeidd med restaurering, seier ho, mens ho peikar på ei vakker lafta hytte heilt nede ved fjorden.

Frukthagen

Frukthagen på Monen er på syv dekar, og med frukttre i alle aldersgrupper og alle typar plantningar. Dei eldste stammar frå landbruksskulen si tid. Det står to-tre av sorten flaskeple, som sto rett ved det gamle huset som brann i 1918. Borken blei heilt oppsprekt, men dei ber enno frukt. I tillegg er der gamle tre av sorten Fillippa og gamal, gul Gravenstein.

- Sistnemnde luktar utruleg godt i blomstringa, seier Sigrid. Av nyare sortar er det Sommerred, raud Gravenstein og Discovery som er hovudsortane.

Dei fyrste åra var fruktdyrkinga meir rekna som ein «hobby» seier Sigrid. Ressursane vart prioritert på andre ting, så frukthagen min måtte vente. Men utpå -90-talet og framover vart heile hagen planta til, og då det i tillegg kom kjølerom, vart det meir sving på drifta. Men Sigrid hugsar godt at mor hennar stakk til henne nokre kroner så ho kunne få kjøpt seg ei ny sprøyte. Ho hadde nok sett kor vanskeleg den gamle var å starte!

Epler fra Bygland

Presser uten tilsetning

Det er no sonen Tellef som har tatt over garden, sjølv om ho mor vil bestemme i eplehagen ei stund til. Han har arbeidd i oljebransjen, men er interessert i frukta. Han har sjølv laga utstyr for rasping og pressing av eplesaft.

- Me har eit par år hatt prøveprosjekt med pressing av reine sortar som blir pasteurisert og tappa rett på ”bag in box.” Både planting av nye tre og anna investering vil rette seg mot denne produksjonen, men ein vil sjølvsagt også selje epler. Me hauster 6-7 tonn kvart år. All sortering og pressing skjer her på garden. Førebels bruker eg kjøkkenet, men vi har planar om å bygge ut uthuset.

De må smake på fillippaen, seier ho, og Dagfinn tek turen til kjøleromet. Han kjem inn med ein kartong. Det står Fillippa handskreven på pappen, og dei edle dropane blir servert i stettglas. Eple frå Longerak pressa utan tilsetning rett på kartong og rett i stettglaset.

Takksemd med eit kritisk blikk

Ekteparet set pris på kvardagane og tek ikkje for gitt at dei har det så godt. Dei kan begge hugse kor små ressursar som generasjonen før dei hadde.

Dagfinn hugsar då boksen med makrell i tomat blei teken fram når dei skulle ha noko spesielt godt og det vesle ekstra til kveldsmaten. No er det andre tider, og ekteparet utfører ofte oppgåvene saman.

Det er moro å drive med noko som veks. Vi går ofte tur både i eigen hage og i naboens. Slik kan vi lære av og oppmuntre kvarandre. Men eg ser og må kommentere alt som er galt, ler Sigrid. Dagfinn nikkar samtykkande.

- Ho blir sjeldan heilt fornøgd og ser heile tida det som burde vore gjort, seier han.

Epler fra Byglandsfjorden

Ein idyllisk del av Setesdal og Noreg 

Utsikta frå kjøkkenbordet kan ta pusten frå dei fleste. Eplehagen på garden Monen er ein liten bit av det vakraste dette landet kan by på. Fjorden, fjella bak, eplehagen, låven og dei grøne engene skaper idyll og ro.

Det er ikkje så mange fruktdyrkarar igjen i Setesdal, men «Eple- Sigrid» har ikkje tenkt å gje seg. Ho er medlem i ”Smaken av Setesdal”, og frå september til jul sel ho eplesaft og eplejuice.

- Vi er ei lita familiebedrift, vi sel direkte her på garden, og målet vårt er ikkje å drive så veldig stort. Det går tomt heile tida. Eg får aldri annonsert, avsluttar ho.

Eple fra Bygland

Kontaktinformasjon til Sigrid og Dagfinn

Sigrid Nersten Lunden og Dagfinn Lunden
Sigrid Nersten Lunden
Monen
4745 Bygland
T 95 03 75 77

Your Recently Viewed Pages