Dynamic Variation:
Choose Language
Search
Festivalbygda Ose Festivalbygda Ose Festivalbygda Ose
Festivalbygda Ose Festivalbygda Ose
Credits
Festivalbygda Ose.
Photo: Stine Prøitz Jørgensen
Campaign
Course
Event
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Tekst: André Vaaler 07 media
Foto: Janne Grundetjern 07 Media

Fem fastbuande og tre festivalar

På Riksvei 9, og med fartsgrense på 80 km/t, er det mange som rasar forbi Ose. Dei som stoppar og tek del i idyllen, angrar aldri.

Restaurert i 1990

Ose Turistheim blei etablert allereie i 1887 av ekteparet Aslaug og Såvi Ose, som eigde staden. Men slik turistheimen framstår i dag, har han vore sidan 1909.

Ose Turistheim gjekk i arv i generasjonar og blei driven av familien Ose fram til 1970. Huset blei restaurert i 1990, og interiør og eksteriør blei nøyaktig tilbakeførte til den gamle stilen. Bygget er eigd i dag av Bygland kommune. Signe Røynås er ein av dei to vertane på turistheimen.

- Det er berre fire fastbuande på vinteren, nei, no er det fem. Dei fekk ein liten ein dei som bur i huset der nede i vinter, seier Signe.Ose turistheim

Det fyrste året

På kjøkkenet breier lukta av steikte kotelettar seg. Snart er det middag, og Signe Røynås gler seg igjen til ein ny sommar. Den femtande ho er her oppe. Ho gløymer aldri då ho tok mot til seg og ringte Bygland kommune. Plutseleg var ho blitt vert på Ose Turistheim over telefonen.

- Eg hadde ikkje peiling på ein ting. Eg trudde ikkje at eg trong noko hjelp. Så kom det ein sundag i juli. Det var stufullt her og på loftet. Ute og inne. Eg var heilt aleine, seier ho.

 Signe vender på kotelettane. Dei er allereie gylne og freistande. Ho fortset: - Kaffi skulle kokast, eg skulle  lage mat, vaske opp og ta betaling. Det var springing heile dagen. Tida strakk ikkje til. Berre gå sa eg. Berre gå! Eg hadde ikkje tid til å ta inn pengar. Barna kunne ikkje hjelpe henne, for dei var i byen, seier ho.

Kotelettane skal snart hentast av tømmerhoggarar som ventar på middag. Ho smiler overberande av den femten år gamle historia, ser bort på kjøkkenvindauget og held fram:

- Vindauget stod oppe og eg lurte på om eg skulle hoppe ut, gå over bekken og setje meg oppe i skauen til alt fekk roa seg. Eg var så fortvila, seier ho oppgitt. Helga etter var ungane hennar på plass og hjelpte henne.

- Det var kjøtkakesteiking klokka ti om kvelden, brødbaking tidleg om morgonen, og eg sa til meg sjølv: «Du lever ikkje til hausten», fortel ho vidare.Bygda Ose

Singne og Julia

Året etter blei det to vertinner på turistheimen. Julia Stray, ei dame Signe hadde jobba saman med i byen og kjende godt, delte vertskapet med henne. Julia og Signe har ansvar for annakvar veke. Julia fortel:

- Eg blei ganske raskt fasinert av staden og av turistheimen. Det er heilt stille om vinteren, og så eksploderer det om sommaren, seier ho.

Julia fortel om det gode og sosiale livet og dei fine dagane på Ose. For henne handlar sommaren om arbeid frå morgon til kveld, fylte rom, mange arbeidsoppgåver og ekte møte menneske imellom. Når dei ikkje serverer på turistheimen, lagar dei selskapa i den gamle Storstoga frå 1856, som ligg vegg i vegg. Turistheimen har både setesdølar og langvegsfarande som gjester.

Spennande turistar

Signe viser oss kvart enkelt rom i  den ærverdige turistheimen. I fjor fekk ho og Julia gjesting av amerikanarar med slekt i Setesdal. Under utvandringa på 1800- og 1900-talet var det mange som tok farvel med sine kjære på turistheimen. Båten som låg ved fjorden på Ose var fyrste etappe på veg til Amerika.

- Ja, det har nok vore mykje tårar her også, seier ho tankefullt. Ho speidar ned mot det gamle ferjeleiet medan ho blar i boka Norske trehotell. Bileta frå Ose Turistheim forgyller fleire av sidene.

- Det kjem forskjellige og spennande menneske til turistheimen. I fjor hadde vi gjesting av ein familie som tok føre seg side for side i boka ”Norske Trehotell”, og no hadde turen kome til sidene våre. Alle turane i ein gammal Mercedes. Det er eit spennande liv dette, avsluttar Signe.

Sommartid på Ose er hektisk og med full fart, men til hausten blir det planlagt kurs.

- Vi har lyst til å dra i gong eit lefsekurs, men no er det sommargjestene fyrst, avsluttar Signe.Ose matmarknad

Fakta om bygda Ose

Kvart år arrangeres det fleire festivalar og arrangement på Ose. Her er to av dei.

Ose matmarknad 

Eit marked med lokale mattradisjonar og anna som høyrer med. Sal av tradisjonsmat, husflid, antikvitetar og kunsthandverk. Etegilde i Ose Grendehus.

Les meir

Ose Motorfestival 

Er eit arrangement som samler motorinteresserte og entusiastar fra heile Sør Noreg. Her er det sjølvsagt motor i ulike variantar som er hovudtema.

Les mer

Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad
Ad