Dynamic Variation:
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Artist Tove Herzberg gets inspiration
Artist Tove Herzberg gets inspiration.
Photo: Tove Hertzberg
Campaign
Course
Event
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Førti dagar på den same stien til den same fjelltoppen

Kvar morgon snørte Tove Hertzberg på seg vandrarskoa på hytta og sette kursen mot Nos. Det blei førti dagar som gjorde noko med henne, som gav henne noko nytt. Ei oppleving som no står utstilt på Hovdetun.

Tekst: André Vaaler, 07 media
Foto: Privat / Janne Grundetjern, 07 media

Tove Hertzberg - utstillinger

Hovdetun 2. etg

Hovden Kunsthandel

eller

Toves nettside galleritove.no

Oppsøkte det folk tek for gitt
Ho ønskte å hjelpe folk til å sjå alt det vakre som allereie er her. Det som er storslått og vakkert og som er rett rundt oss.
- Vi menneske trår etter høgare toppar og meir stimulans. Denne gongen ville eg oppsøkje det folk ofte tek for gitt. Kvar einaste dag gjekk eg den same turen. Eg la ut på den same stigen kvar morgon, omgitt av dei same fjella, ramma inn av den same naturen. Ingen dagar var like, seier ho. 
Tove Hertzberg gjekk, skreiv tekstar, og opplevde ei sterk reise hausten 2017. No sit vi midt mellom måleria som blei det naturlege resultatet av 40 dagar på fjellet. 
- Eg blei inspirert av ei venninne. Ho hadde ei 40 dagars ”reinsing”. Då eg flytte til Hovden, bestemde eg meg. Turane starta med optimisme, men etter kvart kom eg nesten inn i ein depresjon. Eg vandra frå den vakre og farge-fylte september til snøen lukka fjellet igjen i oktober. Eg fylte på med opplevingar og måla ikkje. Eg trur eg fann sjela til den staden.

Artist Tove Hertzberg

Tekstane blir ein kladd for kunsten
På mange av bileta er det ein skapnad, ei kvinne som heimsøkjer tekstane, tankane og bileta. Tove er løyndomsfull i forhold til denne kvinna.
- Det kan vere meg sjølv, det kan vere ei indre reise, men også nokon andre. Det eg opplevde i løpet av dei 40 dagane, var at livet mitt blei summert opp.

Tove stoppa ofte opp, noterte, reflekterte, og lét naturen ta tak i henne.
- Tekstane blir ein kladd for kunsten, seier ho medan ho tek fram tankane frå eit par av 
dagane. Sentimentaliteten var heilt på brestepunktet. Eg må tillate meg sjølv å ta ei reise, kjenne på livet og gje meg tida. Vi er så heldige her i landet som har så mykje urørt.

Frå shipping til kunstnar på heiltid
Kunsten har heile tida vore følgjesveinen til Tove, og i 2012 gjekk ho somme rundar med seg sjølv for å finne ut av kva som var verdiane hennar, og kva ho ønsker å bli prega av i kvardagen.
- Eg har målt og skapt ting sidan eg var heilt lita, seier ho.

Ho stoppar litt opp og må fortelje om ei oppleving som har prega henne på ein spesiell måte:
- Eg var 12 år,  og vi var på Dvergsnestangen i Kristiansand. Det var så vakkert ved havet, og saman med ei venninne fann eg ein stad som var heilt spesiell. Det spesielle var at eg opplevde nærværet og fellesskapet med naturen på ein ny måte. Det var så fint der. Havet, openheita. Om kvelden sneik eg meg ned til havet igjen, heilt aleine med den same utsikta. Eg gløymer aldri den stilla, og akkurat  i den augeblinken fann eg ut av kva eg eigentleg ville. Opplevinga blei pakka inn, og eg la ho inn i hjartet mitt.

Vi har filma det i etterkant, og slik ho formidlar det, er det utgangspunktet for det ho har skapt. Men opplevinga blei pakka vekk etter gymnaset då ho kasta seg inn i næringslivet.

"- Det er viktig å finne fram til kven du er, seier ho. Det eg sit igjen med, er at ingenting er nyttelaust. Det er ein god tanke. "

Vaks opp i Vennesla
Tove er opphavleg frå Vennesla. Ho studerte økonomi, og shipping blei etter kvart fagfeltet hennar. Ho jobba i bransjen i fleire år, i inn- og utland. 

I 2012 fann ho tilbake til kunsten, og gav kunstarbeidet tid og rom. Etter 2012 har det eine oppdraget teke det andre. Ho gløymer aldri debututstillinga på Mølla i Kristiansand. Ho fekk erfare kor krevjande kunstnarlivet også kan vere. Det er mange om beinet, og det er ikkje nødvendigvis eit fellesskap som oser av gode kollegaer og menneske som berre vil deg vel.

Ho har no smykka ut 10 skip med totalt 400 verk. Forbrenningsanlegget i Kristiansand har ho smykka ut, og både på det nye Sørlandssenteret og på Høgskolen i Oslo finn du kunsten hennar.

Eit nytt liv for familien
Tove har alltid vore pliktoppfyllande, og etter studiar i England jobba ho i Oslo i ni år. Ho var frustrert. Det var inga tid igjen til det ho eigentleg ville. I dag har ho mann, og to barn på 9 og 13. No bur heile familien på hytta på Hovden. Ho fekk lokale på Hovdetun der ho jobbar og stiller ut.
- Å bu på Hovden har blitt ei fin oppleving for familien. Vi har fått meir tid saman, og vi strever ikkje med oppussing og ombygging. Barna går på skulen her, og livet er ikkje så hektisk lenger. Eg seier framleis ”hytta”, og vi er litt på hyttetur og nyter det enkle livet. Vi har blitt godt mottekne på Hovden, og dei store verka eg har skapt, finn heimane sine. Etter kvart er planen å byggje ein ny heim i Brekkestø i Kristiansand.

Frozen waterfall

Begynner ofte med eit bilete
Ho målar med acryl. Nokre bilete målar ho på foto, og veldig ofte hentar ho fyrst inspirasjon med kameraet.
- Ja, eg begynner ofte der. Ein formiddag fekk eg møte ein heil reinsdyrflokk. Det var ei stor oppleving. Respekten for naturen har blitt mykje større, og skamma for at vi ikkje tek vare på naturen rundt oss, den er like stor.

Ho har også funne noko ho kallar ein iskatedral på vegen inn til Breive.
- Eit brutalt inngrep i naturen har moder jord lappa i saman og skapt noko heilt fantastisk vakkert ved å nytte dei naturlege elementa.

I april reiste ho til Italia for å hente ny inspirasjon til ei ny utstilling.
- Det er stor avstand frå eg legg ut på ei slik reise til eg har ei ferdig utstilling. Nokre gonger er det nesten så eg får lyst til å leggje meg i fosterstilling. Det kan vere ein kamp å brette ut kjenslene på lerretet. Men eg tør meir no, og er kanskje meir frigjort i uttrykket.

Ho ser opp på eit av måleria, og tenkjer kanskje på ein av dei 40 dagane.
- Eg vil røre menneske, få fram ei stemning, det er det viktigaste, avsluttar ho.

Your Recently Viewed Pages