Dynamic Variation:
Choose Language
Search
Via ferrata Straumsfjellet Via ferrata Straumsfjellet Via ferrata Straumsfjellet
Via ferrata Straumsfjellet Via ferrata Straumsfjellet
Credits
Via ferrata Straumsfjellet.
Photo: Johs Bjørkeli/Fædrelandsvennen
Campaign
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Tekst: André Vaaler 07 media / Kai Stokkeland, NRK.
Tom Knudsen / Tomknudsen.no

"Her er lukka betre enn forstanden."

Det var det Arne Holskog tenkte då han snudde seg i fjellsida på Straumsfjellet og vende blikket ned mot garden. Ein via ferrata blei bygt i det 600 meter høge fjellet sommaren 2014, og dei framtidige planane er store.

 

Ville skape noko nytt

For fem år sidan kjøpte Arne Holskog to gardar på Helle i Valle kommune. Bygningane var falleferdige, men Arne var mest oppteken av dei fantastiske areala som følgde med eigedomane. Etter mange år som entreprenør hadde han ein draum om å skape noko heilt nytt.

Arne voks opp i Holskogkilen i Vågsbygd, Kristiansand. Her budde han i 50 år. Arbeidslivet har han vigt til entreprenørverksemd. No bur han saman med kona Noi på garden Helle. Som tidlegare skytebas såg han moglegheitene i dei bratte fjellsidene.

- Areala som høyrer til gardane her oppe er fantastiske. Spesielt det minste området på austsida av Otra. Tom Knudsen, ein god venn, klatrar, fotograf og hyttenabo, tipsa meg om kven eg kunne ta kontakt med då vi sat ein kveld på hytteverandaen og koste oss. Eg ringte til Bjarte Vestøl og hans fyrste reaksjon var at det i Straumsfjellet kunne bli laga ei ekstremløype for dei som verkeleg ville utfordre fjellet og naturen, seier han.

Kva er ein Via Ferrata?

Via Ferrata betyr ”jarnveg” eller ”jarnstig”. Dei fyrste rutene blei bygde i Dolomittane under fyrste verdskrigen. Infanteriet skulleover fjellet. Og for å gjere dette mogeleg, og ikkje minst sikrare, blei det bygt faste anordningar i fjellet med stigar, bøylar og tau. Dette blei startskotet for Via Ferrata.

Via Ferrata collage

Fjellet blir utstyrt med faste sikringsmidlar, som stålwire, bøylar, stig og bruer. Dette blir så nytta for å klatre i fjellet på ein mest mogeleg sikker og opplagd måte, utan at ein treng å inneha rikelege klatrekunnskapar. Normalt god form og motorikk er som regel nok for å gå ein viaferrata.

Det finst viaferrataar i ei rekkje europeiske land og på andre kontinent, som USA, Canada, Mexico, Peru, Japan og Malaysia. Til og med i Singapore er det funne plass til ein jarnstig, men denne er bygd innandørs og er berre 30 meter høg. Verdas høgste viaferrata ligg på 3 800 meters høgd ved Mount Kinabalu i Malaysia.

Ein av verdas mest erfarne boltarar

Arne tok kontakt med Børre Bergshaven, ein sentral person i det norske klatrarmiljøet og med internasjonalt nettverk. Børre tok regien, og med mange gode hjelparar bygde dei Nord- Europas lengste viaferrata som det no går gjetord om i klatremiljøet.

Børre fortel om prosjektet på Straumsfjellet:

- Det spesielle med viaferrataen på Straumsfjellet er at den kombinerer kunstige trinn med det naturlege i fjellet, seier han.

Grimstadguten Børre Bergshaven har halde på med fjellklatring i 30 år. Han stifta Grimstad og Arendal Klatreklubb i 1993. Han begynte å klatre i 20-års-alderen. Det var kompisane som maste på han og ville ha han med. Han blei med på ein tur, blei bite av basillen og no er klatring nesten heile livet hans.

- Fjellklatring og bolting av nye løyper har blitt ei blanding av hobby og jobb. Eg brenn for at folk skal kome seg ut i naturen, og at dei skal få kjenne på gleda av å klatre. Kombinasjonane på Straumsfjellet er enklare og meir folkelege enn mange andre stader, seier han.

Han har laga viaferrataar i heile Europa. Han bolta éin i Åmli på 260 meter for mange år sidan. Sjuåtte viaferrataar på Sørlandet har Bergshaven stått for.

- Fyrst klatrar eg traséen og finn den ideelle løypa som skal boltast. Eg brukte 14 dagar på å finne traséen på Straumsfjellet. Det er viktig at det blir både idyllisk, masse adrenalin og folkevennleg. Alt som er farleg skal reinskast vekk, seier han.

Den største fjellklatrarsida i verda, 8a.nu, har kåra Børre Bergshaven eller ”Boltebørre” som han blir kalla i klatrarmiljøet, til den mest-boltande «enkeltpersonen» i verda.

Han har sin eigen bolteverkstad i Grimstad. Børre ser kunstnarisk på det heile.

- Ein kunstmålar lagar måleri, medan eg boltar ruter i fjellet, smiler han. På Straumsfjellet blir det fjellklatring for folk flest. På veg ned går du over Straumebolten. Ei stor oppleving i seg sjølv. Ei av fjellhyllene heiter ”Strikkehylla”. Børre fortel om korleis den fekk namnet sitt.

- Kona min, Gro Anita Wehus, var med og bolta dei siste lengdene på toppen. Eg likar at vi er to når eg jobbar så høgt. Ho hadde med seg strikketøyet og sat på ein høgde og strikka ullsokkar. Plassen fekk namnet deretter.

Arne kan ikkje få fullrost Børre nok for jobben han har gjort.

NRK - Journalist gjekk viaferrataen og filma

Ryktet til viaferrataen er godt allereie. Det var gjester frå 30 nasjonar det fyrste året, og Holskog fekk mykje skryt.

- Det er fleire som skriv om oss, og NRK har laga ein fantastisk film. Eg trur dei kjem med meir, seier Arne.

NRK-journalist Kai Stokkeland har allereie laga ei kort, magisk filmoppleving frå Straumsfjellet. Filmane kan du sjå på nrk.no. Stokkeland fekk sjølv oppleve å gå viaferrataen medan han laga filmen. Han skreiv om opplevinga på nrk sine nettsider. Her er siste avsnitt:

- ”Endeleg på toppen. Då vi endeleg stod på toppen, var det uverkeleg. Biletet oppe til venstre: Børre Bergshaven. Biletet oppe til høgre: Arne Holskog og kona Noi.

Nokre minutt tidlegare hang vi i eit bratt stup kor det var berre ein karabinkrok som skilte oss frå den visse død. Vi forsto at vi hadde opplevt noko heilt spesielt. Vi brukte fem timar frå botn til topp. Det er heilt normalt. Turen ned igjen går på baksida av fjellet, på ein heilt vanleg skogsstig. Totalt tok heile opplevinga over ni timar. Sjølve klatringa føregikk 10. juni 2015. Ruta blei offisielt opna tre dagar seinare med stor opningsfest i Valle. I løpet av 2015 klatra over 700 personar opp veggen, i tillegg til guidane. Reiselivsnæringa i Setesdal håper viaferrataen i Valle vil få stor verdi som turistattraksjon.

I ettertid er eg glad for at eg gjennomførde ruta. Det var somme stader i løypa kor eg kjende at eg var langt utanfor det eg var komfortabel med, men alt i alt opplevde eg jo at eg klarte å komeopp utan varige men. Målet var å klatre opp i god behald, og i tillegg lage eit TV-program. Eg klarte begge delar. No håper eg at folk vil like programmet.”

Planer for framtida

Arne Holskog ser framover. Han vil ha fleire ut i naturen og fleire til Straumsfjellet.

- Sjølv har eg som mål å ta ein tur opp fjellsida kvart år. Eg var nok den tyngste i gruppa som gjekk saman til toppen, så når eg klarer det, kan veldig mange andre klare det. Eg måtte takle å vere på utsida av komfortsona. Viaferrataen på Straumsfjellet vart godt gjesta den fyrste sesongen. Yngstemann var 7 år og eldstemann 76. Turar kan bestillast på viaferratanorway.no.

- I sommar skal vi holde klatreskule for barn og vaksne i alle aldrar. Vi vil sørgje for gode overnattingsmåtar, lage sunn og god mat og skape noko som kan gi folk flest gode opplevingar, avsluttar Holskog.

Kjelder: Wikipedia.no og nrk.no.

Via Ferrata

Fakta

Fjellklatring for de fleste

Via Ferrata er italiensk og betyr jernsti. Dette er en fastlagt klatrerute hvor du er sikret med jernvaier langs hele klatreruten. Det er også klatretrinn i de bratteste fjellpartiene som gjør det enkelt og sikkert å klatre. Valle i Setesdal har i løpet av 2016, tre ulike ruter.

I dag finnes det tre ulike Via Ferrata klatreruter i Setesdal.

Your Recently Viewed Pages