Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Cherries from Høgetveit gård
Cherries from Høgetveit gård.
Photo: Høgetveit gård
Campaign
Course
Event
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Dyrkar åtte tonn morellar i året

På Høgetveit gard dyrkar Wenche og Sjur Høgetveit dei mest høgtliggjande morellane i Norden. Det er ein utfordrande produksjon – og svært spennande.  

Tekst: Jan Frantzen, 07 media
Foto: privat / Janne Grundetjern, 07 media

– Når vi kjem til slutten av sesongen, så tenkjer vi alltid at vi ikkje orkar dette meir. Det er så slitsamt at vi  berre må finne på noko anna. Men så går det fjorten dagar, og då er vi i gong med å planleggje neste år. For det er jo veldig gøy også, smiler Wenche Høgetveit. 
Saman med ektemannen Sjur, driv ho Høgetveit gard på Evje, der paret har budd sidan 1994. Her produserer dei rundt 8 tonn morellar i året. Det gjer dei til ein framståande produsent på Agder. 

Høgetveit gård

Utfordrande
Høgetveit gard ligg i enden av ein smal, svingete veg nokre kilometer utanfor Evje sentrum. Høgetveit-slekta har levd på garden sidan 1804, men truleg har det budd folk her heilt sidan midten av 1600-talet. Gjennom fyrste halvdel av 1900-talet var det gruvedrift i området, og mange frå gardane i nærleiken jobba i gruva med utvinning av kvarts og feltspat.  

Sjur kjem opphavleg frå Høgetveit gard, og det var mor hans som dreiv garden då ekteparet tok over for 24 år sidan. Dei bygde eit nytt hus på tomta, og begynte med morellar og økologiske jordbær. 
– Den gongen dreiv vi også med sau, men det hadde vi ikkje lyst til å halde fram med. Bygningen her er ikkje eigna for moderne produksjon av sau. Vi fann etter kvart ut at det var morellar vi hadde mest lyst til å jobbe med. I dag har vi tretten mål med morellar – det utgjer cirka tusen tre. I tillegg produserer vi bringebær og plommer, fortel Wenche Høgetveit. 

Dyrking av morellar er utfordrande, ikkje minst når ein held til 300 meter over havet. Det er utfodrande fordi morellar er sterkt utsette for frost.

Vi ser ei rekkje store metallkonstruksjonar med plast over rundt på garden. Morellane blir produserte i desse tunnelane, som gir vern mot vêr og frost. 
– Då vi fyrst planta trea, hadde vi ingen tunnelar. Morellar toler berre eit par-tre millimeter med regn, så er alt øydelagt. Det er små marginar: Plasten aukar temperaturen med minst ein grad, og det kan gjere stor forskjell når det gjeld frostskadar. Då vi laga desse tunnelane, begynte produksjonen å fungere, fortel Høgetveit. 

Mange arbeidstimar
Prosessen på garden begynner så fort snøen smeltar på våren. 
– Då begynner vi å skjere trea. Alle dei store greinene i toppen blir tekne vekk kvart år for å få inn nok lys, og for å behalde produksjonen der det er lett å plukke.
Så skal plasten på alle trea, og så er det gjødsling, vatning, plantevern, og sprøyting mot nokre få ting. 

Bæra blir plukka frå slutten av juli til slutten av august, og på seinsommaren er det mykje trafikk innover dei smale vegane mot Høgetveit gard. 
– Vi sel overraskande mykje heimanfrå. Veldig mange kjem hit og handlar, og så har vi ein avtale med Telefrukt AS i Gvarv, som pakkar og gjer bæra ferdig til butikkane. Det meste går dit, men vi prøver 
å selje så mykje som mogeleg heime. 

Etter at oppryddinga på garden er ferdig, er det blitt oktober. Mange arbeidstimar har blitt nedlagde før vinteren kan få sleppe til igjen. 
– Det er ein arbeidskrevjande produksjon, og det hadde kanskje vore tryggare økonomisk å drive med noko anna. Men det er skikkeleg gøy når ein får det til, seier Høgetveit. 
– Kva er det som er så givande? 
– Det er ein veldig fascinerande prosess. Greinene ser døde ut på vinteren. Livlause. Men så kjem våren, og det begynner å blomstre – og det er eit fantastisk syn. Så begynner fruktsetjinga, og frå då av ser ein utviklinga fram til eit ferdig produkt, fortel ho. 

Bruker området
Wenche er opphavleg frå Risør, og ho møtte Sjur i Kristiansand i 1989 då begge gjekk på skule der. Begge har jobb ved sida av gardsdrifta. Sjur har ei stilling på 60 prosent som kyrkjeverje på Evje, medan Wenche har ei lita stilling hos Norsk landbruksrådgiving på Finsland. 

Ekteparet Høgetveit og deira tre barn er, som mange andre på Evje, opptekne av å bruke området og handle lokalt. Men i sesongen, då andre slappar av og reiser på ferie, jobbar dei frå morgon til kveld på garden.

– Synest du framleis morellar smaker godt, etter å ha halde på med dette i så mange år?
– Ja, eg er veldig glad i morellar, og eg er glad i å plukke. 

– Du blir ikkje lei?
– Nei, eg gjer ikkje det. Det er klart det kan vere tungt, men det er mest moro. Og veldig spennande. 

Products from Høgetveit gård

Høgetveit gård ved Evje

Garden ligg nokre kilometer frå Evje sentrum, langs Lauvlandsvegen, ein avstikkar frå RV42 mellom Evje og Arendal

Her dyrkar dei morellar, plommer og bringebær som bla.a brukes til produksjon av saft og sirup.

Bedriftens nettstad

"Vi sel overraskande mykje heimanfrå. Veldig mange kjem hit og handlar."

Wenche Høgetveit

Your Recently Viewed Pages