Dynamic Variation:
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Bleke
Bleke.
Photo: Janne Grundetjern
Campaign
Course
Event
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Historien om Bleka og laksefiske i Byglandsfjorden

For fleire tusen år sidan, etter siste istid, vandra laksen frå Byglandsfjord ut i det store havet. Dei kom aldri tilbake, men nokre blei verande. Kva skjedde?

 DET VAR BERRE 200 FISK ATT

Geir Solberg har framleis eit stort hjarte for Byglandsfjordbleka. Etter at han tok hovudfag i biologi, fekk han jobb på settefiskeanlegget på Bygland i 1985. I 1996 var han med på oppstarten av anlegget på Syrtveit litt nord for Evje.

Laksen blei altså værande i Byglandsfjorden. No lever etterkomarane i Byglandsfjorden, og det i beste velgåande. På eit tidspunkt var det berre 200 fisk igjen, og den sjeldne arten var truga. Men no er fisken tilbake for alvor, og innsatsen har vore stor frå veldig mange.

Solberg fortel: - I ein populasjon av fisk er det alltid somme som ikkje følgjer straumen, og dei som ikkje gjekk ut mot det store havet den gongen, blei grunnleggjarane av Byglandsfjordbleka slik vi kjenner ho i dag. Eg har alltid vore interessert i å fiske, og det å følgje opp Bleka er spennande, seier Solberg.

Kvifor var det ein gjeng som blei igjen i fjorden? Såg dei for seg at dette ville kome? Her er det like mange spørsmål som svar.

For det er laks, Salmo Salar, vi snakkar om. Det er ikkje ein variant av aure. Bleka lever hele livet sitt i Byglandsfjorden og Åraksbøfjorden. Bleka et plankton, gyter der og lever livet som om Byglandsfjorden var eit av dei store verdshava. Om vinteren set Bleka på sparebluss og sparer krefter til dess jakta på plankton, og kanskje ein make, startar.

- Fra gammelt av gjekk Bleka opp mot Valle for å gyte, eller ned i Byglandsfjorden, og genetikken tilseier kvar dei går. Dei gjer som laksen og går dit dei er fødde og der dei er klekt ut for aller fyrste gong. Bleka gyter i rennande vatn, seier Solberg.

Det er fem stader i Europa der du kan finne tilsvarande laks som liknar noko på Byglandsfjordbleka. Ein av desse artane er Namsblanken, som lever i Namsenvassdraget. 

Frå gammalt av har det alltid vore sagt at Bleka gyter tre ukar før jul, og Solberg seier at dette framleis stemmer.

Fiskekart

Kart som viser blekas opprinnelige utbreiingsområde. Fargekodane viser status for naturlig rekruttering i dagens situasjon. Den naturlege reproduksjonen er låg og førekjem i hovudsak i Byglandsfjorden

Solberg deler gjerne fiskeplassane sine dersom turistane vil stoppe bubilen eller ha ein pause på veg nordover eller mot sør.

- Du kan fiske med stong, men det beste er nok å fiske med oter. Eg tilrår å ro sakte med fleire fluger ute. Det kan vere ei naturskjøn oppleving, og når Bleka bit, så merkar du at den bit på den særeigne måten sin. Det er meir liv i fisken enn i auren, seier han.

Han fortel om Dalebukta, men tek oss med til eit av dei verkelege goda plassane. Rakkenes, som ligg rett føre Longerak. Han peikar, fortel og legg alle løyndomane vekk.

- Tenk om folk blir eit døgn ekstra på grunn av Bleka. Det hadde betydd mykje for Setesdal, avsluttar han.

Tekst: André Vaaler, 07 Media
Foto: Janne Grundetjern, 07 Media

Fiskemuligheter

I Setesdal finner mange forskjellige fiskemuligheter. Det er viktig med fiskekort i alle vann gjennom Setesdal. 

Les mer om fiske her

Er du interessert i å fiske i fjellvann?

Les denne

Tilbake til toppen

Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad
Ad