Dynamic Variation:
Choose Language
Search
Campaign
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Tekst: André Vaaler 07 Media
Foto: Janne Grundetjern

Eit unikt bygg like ved Riksvei 9

Rett ved Riksvei 9 ligg Langerak kraftverk. Kraftverket har blitt samanlikna med eit fransk seinmellomalderslott eller eit byggverk med opphav i engelsk romantikk.

Bygde i 1915 

Kraftstasjonen er teikna av arkitekt Kristian Hjalmar Biong, og har forblending i naturstein, med rike detaljar. Sjølve murarbeidet skal ha blitt utført av den kjende gråsteins-murmeistaren Gunnar Larsen frå Evje.

Kraftverket blei bygt i 1915. Staten vedtok å bygge kraftverket for at tuberkulosesanatoriet i Landeskogen skulle få straum, og opphavleg hadde det tre aggregat. Produksjonen starta i 1916.

Langerak kraftstasjon

Balanserte på Røyrgatene

Sigrid Lunden har gode minne frå kraftverket.

- Eg hugsar godt at eg og mi syster i ungdommen sneik oss opp og skremde vettet av vakta i kraftverket. Vi lurte oss til å balansere på røyrgatene, og det var ein spennande stad for oss i ungdomstida, fortel ho.

Vasskraftverket ligg ved Longerak i Bygland kommune. Kraftverket utnyttar eit fall på 300 meter frå reguleringsmagasinet Langeraksvatn.

- Vi brukte vegen opp frå Kraftverket når vi skulle til Støylen på sommaren. Vegen til fjells blei mykje lettare. Historiene er mange rundt det spesielle bygget der oppe, seier ho.

I 1925 tok Noregs vassdrags- og elektrisitetsdirektorat over kraftverket, og i 1962 gjekk det over til Aust-Agder Kraftverk. Frå 2001 er det i Agder Energi si eige.

Les flere historier fra Setesdal

Historien om Bjoren 
Les mer

Les historia om Solveid Landelius som syr Setesdalsbunadar. 
Les mer

Eit unikt Sverd som vart funne i Setesdal 
Les mer

Langerak kraftstasjon fra siden
Langerak
Langerak fra baksiden
Langerak
Your Recently Viewed Pages