Dynamic Variation:
Choose Language
Search
Troll aktiv - aktivitetsparadis Troll aktiv - aktivitetsparadis Troll aktiv - aktivitetsparadis
Troll aktiv - aktivitetsparadis Troll aktiv - aktivitetsparadis
Credits
Troll aktiv - aktivitetsparadis.
Photo: Troll Aktiv
Campaign
Partner
Media
Meetings
Travel Trade
Med Trollaktiv på elva, i skogen, og i fjellet, blir det aldri keisamt på Syrtveit

Skrevet av Jan Frantzen

 - Eg er britisk, men dersom folk spør, så seier eg at eg kjem frå Evje, seier Tim Davis. Opphavleg er han frå Nord-England, men Davis har budd i Setesdal sidan 1991. Briten er eigar av TrollAktiv på Syrtveit nokre kilometer nord for Evje sentrum. Neste år er det 25 år sidan han starta familie- og aktivitetsparken.

Syrtveit er eigentleg stille og roleg. Eigentleg. Men TrollAktiv sørgjer for at området alltid lever. - Vi har ei fantastisk plassering ved elva, med både fjell, skog og fint vatn rundt oss, så vi kan tilby alt mogeleg. Frå rafting til paintball, og alt imellom, seier Davis. - Ein kan velje mellom over tjue aktivitetar, og ein kan ha eit opphald hos oss frå ein halv dag og opptil fleire dagar, fortel han.

Tim Davis

Unikt

Ei gruppe skuleelevar forsvinn inn i terrenget medan Davis snakkar med oss. Og det er nett skuleklasser som er den største marknaden. Deretter kjem familiar og turistar. I tillegg er det nokre firmagrupper. - Det som er unikt med området her, og det er vanskeleg å slå uansett kor du dreg i verda, er nærleiken til naturen frå basen vår. Vi har over 20 aktivitetar, og alle er innanfor ei rekkjevidde på 15 minuttar. Vi kunne nesten ikkje finne ein betre stad å drive med dette. Og det er faktisk sant, seier Davis, som har militæret å takke, eller til å skulde på, for at han enda opp i Setesdal.

- Eg var stasjonert her på Evje og jobba på Gautestad som ein del av ein militærleir som britane hadde her fram til 1990. Eg hadde god kjennskap til området og bygde meg små nettverk rundt omkring. Så då eg var ferdig med militærkarrieren min, etter fjorten år som yrkessoldat, valde eg å busetje meg her og drive for meg sjølv. Grunnen til at eg valde Noreg og Evje, var at eg ønskte å bu ein plass som hadde både vinter og sommar. Problemet med Storbritannia, og mange plassar i Europa, er at ein har ein evig haust. Sesongane er nokså like. Eg liker vinter og eg liker å gå på ski, det er ein viktig del av livet mitt.

Saknar du noko? - Eg saknar fjell som er litt spissare og litt høgare. Difor liker eg å dra til Alpene nokre turar om vinteren. Og - eg skulle ønskje knottsesongen var litt kortare enn fire veker.

Sykkelløyper hos Troll Aktiv

Rafting mest populært

Sola skin på Syrtveit, og det er ein ørliten bris. Det er perfekt for ein dag på elva. Men skal vi tru besøkstala, er dei fleste dagar gode her. - Rafting er mest populært, vi har meir enn 10.000 rafting-gjestar kvart år, seier Davis.

Då briten starta Troll Mountain, som det heitte i starten, ville han fyrst og fremst jobbe med ski og guiding for britiske turistar i fjellet.

- Det andre året begynte eg med rafting - då hadde eg éin flåte. Utfordringa med rafting er at ein ikkje kan gjere det aleine, ein må vere to på elva. Og då blei det blir veldig fort fem tilsette - og fem flåtar. No er det 20 flåtar og 35 tilsette. Den veksten har kome på grunn av valet av rafting som aktivitet. Vi kan ha over hundre menneske på elva samtidig, seier han.

Rafting hos Troll Aktiv

Meistring og læring

Mykje har endra seg hos TrollAktiv sidan starten av 90-talet. Og ting endrar seg stadig. For når verda utviklar seg, så må Troll Aktiv gjere det same.

- Til no har vi hatt aktivitetar baserte på ein halv dag. Klatring er på tre timar, rafting og kajakk det same. No utviklar vi fleire aktivitetar som berre varer ein time, som grottetur, BMX-bane, pil og boge og klatrevegg, og det blir fleire neste år. Det er fordi utviklinga i verda er at vi menneske er meir utolmodige enn vi var før. Tidlegare kunne folk booke seg inn på eit to-dagers klatrekurs, men det skjer ikkje så mykje lenger. Ungdommar vil at ting skal skje kjapt, seier Davis.

Ynskjet hans er at alle aktivitetane skal ha med naturen å gjere. Og han vil ikkje begynne med motoriserte aktivitetar.

- Det som er viktig for oss er at det er eit element av meistring og eit element av læring i det vi tilbyr. Og det skal vere inkluderande. Alle skal kunne bli med. Dette skal ikkje vere berre for dei sterkaste og beste.

Collage Troll Aktiv

Fakta om Troll Aktiv

Les mer om Rafting hos Troll Aktiv her

Nytt av året er Troll Aktiv sitt Trollpass. Dette er et aktivitetspass som inkluderer flere aktiviteter hos Troll Aktiv. Les mer om passet her

Neste år fyller Troll Aktiv 25 år

Troll Aktiv har meir enn 10000 rafting-gjester kvart år.

 

Your Recently Viewed Pages