Dynamic Variation:
Choose Language
Search
Langeidsverdet Langeidsverdet Langeidsverdet
Langeidsverdet Langeidsverdet
Credits
Langeidsverdet.
Photo: Museumsnummer C58882/3. Foto: Vegard Vike, KHM/UiO
Campaign
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

TEKST: LEONHARD JANSEN, SETESDALSMUSEET

Bygder i isolasjon eller ein viktig handelspartnar

I boka «Spor i Setesdalsjord» har forfattarane Jan Henning Larsen og Axel Mjærum skriva omfattande om utvinning av jern.
Mykje er usikkert, men det ser ut som dei fyrste jernmilene begynte å ryke ein gong kring år 200 e. Kr.

Jernet var sjølvsagt fyrst og fremst til eige bruk, men alt på 500-talet tyder ting på at ein hadde teke steget opp i høgheia. Der var den beste malmen, og produksjonen for sal kom i gong. Men hundreåra etterpå var nedgangstider, og det er gjort få funn. Så skyt det for fullt fart i vikingtida kring år 950, og held fram til ut på 1400-talet.

Det er særleg gjort undersøkingar i Hovdenområdet, besøk Hovden Jernvinnemuseum for meir informasjon. Kva som gøymer seg lenger nede i dalen er meir usikkert. Systematisk gransking manglar der, men utgravingar dei seinare åra har gjeve oss eit lite innsyn i korleis det kan ha vore. 

På Langeid vart det også funne ei smie frå romartid, men der har dei arbeidd vidare med råjernet, og gjort dette klart til å smie med. Alternativt vart råjernet reingjort og forma til som jernbarrar, som var ei salsvare. Merkeleg nok er det til no ikkje funne slike jernbarrar under utgravingane i dalen.

På Moi i Bygland vart det grave ut ei smie frå romartida som avslører at dei der dreiv med finsmiing. Med andre ord laga gjenstandar av jern til lokalt bruk.

Utifrå mengder slagg som er registrert - altså kor mykje avfall det vart etter jernutvinninga – vurderte Perry Rolfsen i 1992 at det berre i Bykle vart utvunne 8 tonn jern kvart år. I dag meiner ein at dei fekk langt meir jern ut av den røsta malmen, slik at ein kan auke dette talet til 20 tonn årleg. Vidare reknar ein at ein vanleg gard på den tid hadde eit behov på ein kilo jern om året.

Eit anna merke på handel og kontakt med omverda, er når det vert funne gjenstandar som myntar, våpen, smykke og beslag av utanlandsk opphav. I Aust-Agder er det to område som har slike funn; Fjære ved Grimstad og i Setesdal.

Mellom dei mange funna som vart gjorde under utgravingar på Langeid i 2011 er ei skålvekt, vektlodd, fragment av arabiske og europeiske myntar, glasperlar frå det austlege middelhav og eit praktfullt sverd som truleg har opphavet sitt veldig langt aust for oss. Her har vi endå eit bevis på stor velstand mellom somme av bøndene.

Setesdal i viktingtida

Vidare kan funnet eintydig daterast til rett etter år 1000, og at ei øks er av same slag som det er funne fleire av i Themsen, og knyter personen i grava til Knut den mektige sitt felttog i England 1015-16. Sjølv om det pr. definisjon er ei heidensk grav, har sverdet også kristen symbolikk. Mellom anna ei tydeleg hand som held ein kross.

Importgjenstandane er også udiskutable bevis på kontakt mellom Setesdal og andre område. I kva grad vi talar om direkte kontakt mellom setesdølar og andre skal vi late liggje til nye undersøkingar eventuelt gjev oss eit betre grunnlag for å svare på spørsmålet. Funnet på Langeid er likevel vanskeleg å tolke på annan måte enn at sverd og øksar har tilhøyrt den avdøde. Han kan ha hatt dei fordi han var soldat, men det er også mogeleg å tenkje seg at det er ei gåve, t.d. i samband med handel med jern.

Vi registrerer at denne typen funn no strekkjer seg frå Langeid øvst i Bygland til sjølve vallebygda. Ein føresetnad for produksjonen av jern er organisering av samfunnet. Nokre arbeidde med jernutvinning, andre bearbeidde det til handelsvare. Nokon frakta det til marknaden, og atter andre organiserte handelen.

Då må det alt den tid ha vore eit nett av vegar som nokon bevisst hadde sett i stand til slik ferdsel. Det var nokon som ferja der det var nødvendig, og det var mogeleg å få båttransport for eksempel på Byglandsfjorden eller Lysefjorden – avhengig av kven som skulle ha vara.

Sommaren 2017 er Langeidsverdet og fleire av dei andre gjenstandane som vart funne på Langeid utstilte på Setesdalsmuseet.

Fakta

Sommaren 2017 er Langeidsverdet og fleire av dei andre gjenstandane som vart funne på Langeid utstilte på Setesdalsmuseet. Les mer her

Besøk Hovden Jernvinnemuseum og lær mer om historien. Dette museet er bygd opp rundt en rekonstruert blestertuft, og viser hvordan produksjonen av jern og kull foregikk for ca. 1000 år siden

Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad
Ad