Dynamic Variation:
Choose Language
Search
Setesdalbunaden Setesdalbunaden Setesdalbunaden
Setesdalbunaden Setesdalbunaden
Credits
Setesdalbunaden.
Photo: Anders Martinsen Fotografer
Campaign
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Tekst: André Vaaler
Foto: Anders Martinsen og Sigurd Haugsgjerd

Syr setesdalsbunad kvar einaste dag

Solveig Landelius fekk sin fyrste bunad då ho var heilt lita, og ho har alltid vore glad i å sy. No syr ho Setesdalsbunad kvar einaste dag.

Bunadssenteret blir til

Solveig budde i Kristiansand, og jobba i barnevernet. Ho var fostermor og reiste titt og ofte på ferie til Byglandsfjorden. Her trefte ho Olav Neset, som no driv Neset camping. Solveig og Olav gifte seg, og ho visste at han ville heim til Neset. Etter kvart bygde han på heimplassen, og Solveig flytte med han opp til Byglandsfjorden.

For seksten år sidan bestemde Solveig at ho ville prøve noko nytt. Ho ville starte for seg sjølv, og tankeverksemda var stor. Kva ville ho bruke kvardagane til?

- Eg tenkte fyrst på å bli sølvsmed, og eg spurde meg faktisk litt rundt for å sjå om det var ein stad eg kunne begynne i lære. Eg hadde allereie sydd ein del, og det var broren min som fekk meg på tanken om å sy og produsere bunader, seier ho.

Begynte på kurs

Solveig begynte på bunadkurs i Valle hos Ingebjørg Vegestog, og fann etter kvart ut at ho ville starte for seg sjølv. Fyrst var ho på Landeskogen i ti år, men no har ho flytt systova til Neset camping og har bygt ein eigen verkstad der.

Solveig har hatt og har fleire gode hjelparar.

- No syr vi alt. Vi syr bukser og har hundre skjorter på lager. Ho seier at ho kan sy ein bunad på ein månad, og sølvet blir produsert av Gunnar Helle.

- Setesdalsbunaden har enormt flotte fargar, og eg ser at ærekjensla veks når menneske får den på seg, seier ho.

Setesdalbunaden

Bunaden gjer oss stolte

Ho møter mange forskjellige menneske frå Setesdal eller menneske med slekt frå Setesdal som ønskjer ny bunad. Ho syr for kjende og ukjende, og fleire gonger har ho selt sin eigen bunad til menneske som treng bunaden umiddelbart. Historiene er mange.

 - Det var ei som ringde og som hadde høyrt at eg hadde skjorter. Ho skulle i bryllaup, og ho hadde skrekkeleg dårleg tid. På Husfliden var det minimum eitt års ventetid. Kunden kom innom her hos oss og bunaden som hang her, på utstillingsdokka, passa. Ho fekk sylv frå Helle og reiste blid og fornøgd heim i heilt ny Setesdalsbunad, smiler Solveig.

Ei aktiv dame

Solveig er ei aktiv dame, og gjennom førti år har ho vore fosterheim for barn og unge. No ønskjer ho å få full fart på produksjonen i verkstaden framover. Ho veit bunadene gleder mange og gir mange gode opplevingar i høgtid og fest.

- Eg trur folk er stolte når dei går i Setesdalsbunad. Bunaden viser kor dei kjem frå, og den formidlar tilhøyrsel til dalen. Setesdalsbunaden er praktfull, seier ho. Solveig har bunadene utstilt fleire stader; på banken i Evje, på Husfliden i Arendal, i butikken Lille Setesdal i Kristiansand og heime i verkstaden på Neset camping.

Solveig i verkstedet

Nokre fakta om setesdalsbunaden

Setesdalsbunaden blei, frå gamalt av, fyrst og fremst bruka i dei tre kommunane Bykle, Valle og Bygland. Sør for Bygland budde "blåmennene", dei som laga klede sine av blåtøy, det vil seie kjøpt tøy. I nord, nærare bestemt på Hovden, var dei påvirka frå Telemark, og der gjekk kvinnene i det som i dag vert kalla "fjellgardsdrakt".

Ullgarnet som nyttast til broderia kallast løye og dermed heiter teknikken "løyesaum".

Kvinnebunaden
eller setesdalsstakken, som den kallast, har vore i bruk frå slutten av 1700-talet. 

Bunaden består av to stakkar; ein kvit understakk og ein svart overstakk. Den kvite blei bruka til arbeid, mens den svarte ble tatt utanpå den kvite når ein skulle pynte seg eller når det var kaldt. Den svarte stakken vert altså aldri bruka utan den kvite under.

På hovudet har ein alltid eit ”plagg”, som er et ullskjerf dekorert med rosemønster.

Reim med sylvspenner som held strømpene oppe kallast "spretti og sprota".

Når ein ikkje nyttar vevd belte kan ein bruke "jure" som er svart lærbelte med sylvspenne.

 

Herrebunaden
vert kalla ”dalebukse” eller  ”skinnfo”. Når du ser bunaden bakifrå, forstår du lett kvifor den har fått det namnet. 

Buksa har mange broderier, og som med setesdalskofta er raudt den dominerande fargen. På kalde dagar nyttast genseren inni buksa, eller så har ein ei såkalla rundtrøye utanpå.

Dalebuksa har vore i bruk i ca. 150 år, og til dagleg nytte heilt fram til 1960-talet. Då vart det meir og meir vanleg å kjøpe kleda, og drakta vart etterkvart berre bruka til kyrkje og høgtider.

Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad
Ad