Dynamic Variation:
Choose Language
Search
Setesdalsmeieriet Setesdalsmeieriet
Setesdalsmeieriet.
Photo: Janne Grundetjern
Campaign
Course
Event
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Tekst: André Vaaler, 07 Media.
Foto: Janne Grundetjern, 07 Media.

Meieriet ved Byglandsfjorden

Helt i vegkanten ved riksveg 9 har det vore produsert meieriprodukt sidan 1953. I dag finn vi ein samansveisa gjeng, midt i Byglandsfjord. Ein liten arbeidsstokk på ni med erfaring og kompetanse, og som idag produserer smakfulle meieriprodukt.

Vi bankar pent på døra, og møter ein smilande gjeng. Vi får på oss både hette, frakk og sko og blir med lenger inn i lokalet. Her er dagens produksjon i full gong, med Kviteseidsmør i store trillebårer og i tillegg økologisk smør, som sirleg blir pakka ned i øskjer, før svoltne og kvalitetsmedvitne kundar opnarsmørpakka på kjøkkenet.

Tor Helland har vore dagleg leier sidan 1998. I heile 19 år har han administrert arbeidsstokken, og hjelpt til omstilling heile vegen. - 150 kg i veka har blitt til 10 tonn, seier han fornøgd.

Då Helland kom til Byglandsfjord frå meieriet på Vikeså, var mykje annleis. Meieridirektøren, som opphavleg kjem frå Bjerkrheim i Rogaland, er stolt av sine tilsette. Han meiner at lagkjensla og samarbeidet dei tilsette imellom er heile løyndomen bak framgangen.

Ein samansveisa arbeidsstokk

I gongen lyser eit skilt mot oss med siffera 5591. Det er talet på dagar sidan siste ulukke i produksjonen. Dei tilsette bankar i bordet og er stolte av dette.

- Då var det ein av dei tilsette som fall ned trappa på lageret, seier han. Vi er opptekne av kvarandre her, og dersom nokon gjer ein feil, så merkar resten av arbeidsstokken det. Sånn er det berre.

Setesdalsmeieriet produserer nisjeprodukt for Tine. Her er det oversiktleg, og alle her kjenner godt til oppgåvene sine. Alle stepper inn for kvarandre dei dagane nokon er borte frå jobb.

Medan den eine maskina klargjer økologisk smør i smakfull emballasje, blir Kviteseidsmør pakka i halvkilospakkar før det blir sett på lager. Smøret kjem i store trillebårer, og ved ei prøvesmaking merkar vi at det ikkje er spart på noko.

Setesdalsmeieriet ved Byglandsfjorden

Dei tilsette har ideane

Produksjonen er delt i to. I den eine delen av lokalet produserer ein rømmeprodukt, medan det i den andre blir produsert fløyteprodukt.

Helland ønskjer endå fleire oppgåver, og til hausten blir grillsmør lansert. Idéane kjem ofte frå Tine, men dei kjem også frå tilsette som er på ein ferietur eller når dei prøver ut noko nytt heime.

- Grillsmøret var det ein av våre tilsette som laga heime. No skal vi lage 14 tonn her. Impulsane kjem ofte når ein av oss koser seg med mat i fritida.

Rune Leivsen har jobba i 13 år ved Setesdalsmeieriet. Han søkte på ei ledig stilling og har ikkje angra på det.

- Eg jobbar på lageret, vaskar, pakkar og har ansvar for kuvertsmøret, som blir produsert på ei spesiell maskin før det blir ut distribuert til restaurantar og matvarebutikkar, seier han.

Leivsen er Startsupporter og snakkar om cupkampen på Flekkerøy den same kvelden.

- Eg og sonen min dreg på alle kampar vi kan. I dag er ein av kollegaene våre i USA på U2-konsert og då må eg ta eit tak for han. Vi trivst her, og vi er sjølvhjelpte, seier han.

Setesdalsmeieriet ansatte

Kenneth Skarstein med eit ferdig produkt frå Setedalsmeieriet.

God stønad i regionen

Setesdalsmeieriet har ikkje lenger tapping eller distribusjon til butikkane, men likevel er det ikkje mykje uro å spore i produksjonslokala.

- Meieriet har fått god stønad frå Innovasjon Noreg, Setesdal Regionråd og Bygland kommune til mange av desse større prosjekta. Dei viser med handling at dei ønskjer å ha oss, og det synest vi er flott. Det gir ei god kjensle når vi veit at lokalmiljøet vil behalde oss. Vi ser lyst på framtida, og vi skal vere eit ”plussprosjekt.” Vi vil fortsetje med å lage spesielle produkt, samtidig som vi er oppteke av å få jobbar for å kunne halde fram verksemda, seier Helland.

Tor Helland reiser ofte heim til Rogaland når han har fri, men kan ikkje få lovprist Setesdal og Byglandsfjord nok.

 - Det er ein open dal med eineståande folk. Klimaet her er godt. Det er berre mars månad eg kunne vore forutan her oppe. I Setesdal treffer eg trivelege menneske, og her kan eg både gå på jakt og fiske. Det er rett og slett ikkje mange plassar som det er så fint som her. Spesielt om sommaren. Det er ubetaleleg, avsluttar han.

Oppgradering og nytenking

Stadig er det oppgradering og forbetringar på Setesdalsmeieriet. Denne oppgraderinga gjer bedrifta godt rusta for framtida. Neste år kan eit nytt produkt bli ein av berebjelkane i meieriet på Byglandsfjord.

- Vedlikehald og oppgradering av maskinar og utstyr vil aldri stoppe, men vi har god drift og vil ta på oss nye oppgåver. Eg ser lyst på framtida, for eg har ein arbeidsgjeng som er positive og motivert for endringar, avsluttar han.

Historien til Setesdalsmeieriet

1896

Åraksbø Meieri i Bygland blei starta som fyrste meieri i Setesdal. Her blei det produsert smør som vart selt til ein kjøpmann i Kristiansand. Noko av skummamjølka blei nytta til ysting av pultost, medan resten blei returnert til leverandørane.

1935/36 

Andelsmeieriet i Setesdal starta med 280 andelar. Det var i bygget ved sida av butikken. 1953  Dagens anlegg blei starta. I åra etter har meieriet blitt påbygt og utvida fleire gonger med lager og tankbilhall.

1999 

TINE meieriet Sør Setesdal blei vald av Regionstyret i Sør som det anlegget som skulle stå for nisjeproduksjonar, i tillegg til å forsyne marknaden frå Evje til Hovden med konsummjølk.

1999 

Denne hausten blei produksjonen av Kviteseidsmør flytt frå Kviteseid til Byglandsfjord. Då fekk dei smøret og pakkemaskina. Salet av Kviteseidsmør har hatt ei kjempeflott utvikling frå under 150 tonn i 1999 til over 500 tonn i 2012. Meieriet på Byglandsfjord produserte i mange år opp mot 200 tonn rømmegraut som blei seld av Diplom Is og Hennig Olsen.

2001 

Meieriet fekk oppgåva med å produsere Ryfylkegome då anlegget på Finnøy blei nedlagt. Dei tilsette på Finnøy var svært behjelpelege med flyttinga slik at den skulle gå så greitt som mogeleg. Isvannsanlegg frå Notodden blei sett i drift i 2002, og utnyttar i dag ca. 50 -60% av kapasiteten til anlegget.

2005  Kryddersmør

2009 

Meieriet sitt reinseanlegget blei bygt på kommunen si tomt ved sida av kommunen sitt reinseanlegg. Hausten 2009  kom fryseanlegg for kuvertsmør på plass. Produksjonen starta i januar 2010. Samtidig med dette, starta arbeidet med å avslutte konsummjølk- tapping for å frigjere plass til annan produksjon.

2010 

Konsummjølk-tapping og distribusjon til butikkar blei avslutta 30. april 2010, og då starta arbeidet med å klargjere meieriet for auke i smørproduksjonen.

2011 

No kom det fart i planane om å produsere andre nisjepakningar på smør, og hausten 2011 blei det jobba med ulike pakkemaskinløysingar. Bein Hill-pakkemaskina kom då til Byglandsfjord.

2013  Det blei starta opp med 3 nye variantar.

2014  Produksjon av økologiske smørvariantar

Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad
Ad