Dynamic Variation:
Choose Language
Search
Campaign
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Tekst: André Vaaler 07 media
Foto: Janne Grundetjern

Heilt lydlaust og med full oppakning på ramma er dei på veg nordover. Veret avgjer om dei går mot aust eller vest ved Haukeligrend. Ved Byglandsfjord har dei overnatta under open himmel, og vi fekk ta nokre bilete av dei ikkje langt frå Sordal.

 

To tyske studentar som for få dagar sidan tok turen frå Kiel til Hirtshals. Syklane trilla dei ut av Superspeed for litt over eit døgn sidan, og Haukeligrend blir neste stopp.

Dei har vore i Noreg eit par gonger før, og vil tilbake til stilla, freden og den spektakulære naturen. Begge studerer biologi og pedagogikk. Dei har mykje godt å seie om Setesdal og sykling. Dei fortel at det er perfekt å sykle her. Flate, fine og rolege vegar. Dei møter ikkje mykje folk, og stilla som studentane søkjer, får dei oppleve kvart einaste minutt.

I morgon skimtar dei Haukeligrend, og om dei syklar vidare vestover mot Røldal, Odda og Flomsbanen eller austover mot Rjukan, tenkjer dei ikkje så mykje på akkurat no.

Begge ser opp mot det lette skylaget og nyt fridomen som Setesdal gir dei.

SykkelkartSykkelrute

 

Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad
Ad