Dynamic Variation:
Choose Language
Search
Sylvsmedane i Setesdal Sylvsmedane i Setesdal Sylvsmedane i Setesdal
Sylvsmedane i Setesdal Sylvsmedane i Setesdal
Sylvsmedane i Setesdal.
Photo: Setesdalsmuseet.
Campaign
Course
Event
Partner
Media
Meetings
Travel Trade

Sylvsmedane i Setesdal har lang historie

Foto og tekst av Setesdalsmuseet

Eit av dei gamle yrka i Setesdal var gjørtlaren; han som støypte knappar, søljer og andre småting av tinn eller bronse. Det hende nok at nokre lurte seg til å lage sylvsmykke, men det var ulovleg. Om han så gjorde, kunne ein vere temmeleg sikker på at det var tale om stole sylv frå gruvene på Kongsberg.

 

Det gamle bunadssylvet var laga i byane. Det var «import». Truleg ei høveleg gåve frå husbonden til mor i huset når han hadde vore på byferd i to-tre veker. Vi veit at somme av byferdene kunne vere heller «fuktige», og då tenkjer vi ikkje spesielt på snø og slaps og dårleg is. Då kunne det vere greitt å ha med heim noko pynt, om ikkje anna enn for husefreden si skuld.

Sylvskatten

"Far tala tidt om då dei laut ut med sylvskatten. Far var til Tveiti med sylv. Det var alle slags sylv dei kom med. Medan han var der, var der ein med ei sølje, ei av dei sværaste søljer han hadde sett. Lensmannen tok sylvet, og då han hadde voge det, braut han sølja i hop og kasta det i ei kro. Der låg det ein heil haug. Dei laut anten skaffe sylvpengar eller anna sylv. Dei fekk kaupe sylvdalarar i Arendal, men det var så dyrt. Dei måtte betale om lag 100 brevdalar for ein sylvdalar." (Jon Løyland)

Året denne skatten vart kravd inn var 1816, og grunnen var at det skulle opprettast ein eigen norsk bank – Norges Bank.

Det heiter seg at den fyrste sylvsmeden i Setesdal var innflyttar frå Numedal. Foreldra var truleg knytte til sylvverket på Kongsberg, og busette seg på Heddeviki i Austad sokn kring 1705. Mange av jernsmedane i dalen har røter i denne slekta, men ein av sønene, Linder, er etter tradisjonen opphavsmannen til ei spesiell sølje kalla «lindesylgje». Han busette seg like nordanfor Flårendsbrua, der det framleis heiter Lindersnes. Mogeleg kontakt med Kongsberg og tilgang til sylv derfrå er tydeleg.

Den fyrste som fekk «Amtets Bevilling » til å byrje med sylv var ein av ljåsmedane; Sigurd Hallvardsson Rysstad. Dette var i 1851. Vi kjenner ikkje til at han gjorde dette til ei næring, men heldt fram med anna smedarbeid.

Næring vart det derimot då Ånund Torgrimsson Flateland i juli 1856 fekk løyve frå amtet «at arbeide i  Guld og Sølv inden Valle Præstegjeld”. Ånund var i Telemark og lærde, og etter kvart var det mange oveinangar som ”sylva”.

Ein gong rett rundt år 1900, reiste ein ung gut frå Helle til Flateland for å lære. Det var Knut Sigurdsson Helle, og rundt han voks det fram det vi mest kan kalle ei handverksbygd med sylvsmedar. Så seint som i 1953 var det 25 sylvsmedløyve i Hylestad. I Valle var det to, og noko liknande var det i Bygland. Mange som ikkje hadde løyve heldt likevel på med sylv; nokre krulla og andre var opptekne med å blåse ballar eller hengje på lauv. Kone og born hadde oppgåver før sølja var ferdig, men lodding og endeleg finpuss og godkjenning var det sylvsmeden sjølv som tok ansvaret for.

Sølvsmier i Setesdal

Pengar til pynt

Pengar hadde verdi, og når nokon gifta seg i gamle dagar, var det ikkje så mange verdifulle ting ein kunne bruke i den samanheng. Kvinnene sylva seg «så det druste» som det heiter, men karane hadde ikkje så mykje å velje i. Ein måte å hjelpe seg på var å take ein sylvdalar og hengje i ei lekkje rundt halsen. Som oftast er det eit vedheng til dalaren, alltid tri i talet; med ei klar kopling til den trieinige Gud.

Opphaveleg var dette eit smykke med eit motiv som framstilte Guds lam (Agnus dei), men som etter kvart vart erstatta av vanlege myntar. Namnet «Agnus Dei» følgde med vidare.

Om somrane var det å pakke sekken full av ferdige sylvsmykke og reise på handelsferd til andre bygder. Lenge var dette mest den einaste måten å verte av med sylvet på ved sida av å selje til bygdefolk. Det er i seinare tid at ein har hatt avtalar om levering til utsal andre stader, og har produsert i høve til det.

I dag er strukturen på verksemdene ein heilt annan enn for nokre tiår sidan, men røtene til svært mange av dei smiene som i dag leverer tradisjonelt bunadssølv, er på Helle.

Verktøy i smia

Sjå korleis bunadsylv vert laga

Setesdal, og spesielt Valle og Rysstad, har lange tradisjonar for sylvsmedkunst. Det seis at dei fyrste sylvsmedane i dalen brukte sylv som var stolen frå sylvgruvene på Kongsberg. Teknikken som vart bruka, var hamring, gravering, formrenning og filigran, og det vart fyrst og fremst laga sylv til den velkjende setesdalsbunaden.

Hasla i Valle
Her finn du sylvsmedane i arbeid heile året, og du er velkomen inn på verkstaden for å sjå korleis dette arbeidet vert utført. Les meir

Sylvsmia på Sølvgarden
Sylvsmed Trygve Rysstad er 3. generasjon sylvsmed. Han er meister i filigran, med handlaga bunadsylv som spesialitet. Les meir

Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad
Ad