Skip to main content
Unknown Component
civid: 585abc7cf7d87a7717a647b8
name: plugins_common_social_share (widget)

Bygland

Flyvraket - tur- retur 7 km

Den 8. september 1941 tok 4 B17c bombefly (flygande festning) av frå England for bombetokt mot tyske skip i Oslo.

Eit styrta truleg i Nordsjøen. Eit anna vendte tilbake til England sterkt skadd. Eit snudde 140 km frå Oslo. Eit vart angripe av to tyske Messerschmitt jagarfly, og styrta her i Songedalslia på vestsida av Byglandsfjorden. Mannskapet frå England og Canada omkom. Alle flygarane er gravlagd på Bygland kyrkjegard.

Tak av frå riksveg 9 ved Storestraumen og fylg fylkesveg 304 sørover til Mele. Eller du kan take av frå riksveg 9 i rundkøyringa på Byglandsfjord, fylgje fylkesveg 305 til Senum og så fylgje fylkesveg 304 nordover til Mele.

200 meter nord for den lille kraftstasjonen på Mele starter turen. (WGS84: 58.787821, 7.774973)

Fyrste del av turen fylgjer ein grusveg i ca 2 km. Vidare går det sti heilt fram til flyvraket ca. 1,5 km. Stort sett går stien på lyngbakke og litt myr. Nokre hundre meter frå flyvraket er det eit flott utsiktspunkt.

Lengde: 7 km tur-retur

Stigning samanlagd: 370 meter

Turtid: 2-4 timar

Vanskegrad:
Middels krevjande, med bratt oppstigning dei siste 200 metarane

Last ned kartblad

Last updated: 12/19/2023

Source: Setesdal

Flyvraket - tur- retur 7 km

Sider du nylig har besøkt