Skip to main content
Unknown Component
civid: 585abc7cf7d87a7717a647b8
name: plugins_common_social_share (widget)
Valle

Gloppefoss - tur-retur 6 km

Gloppefoss er ein av dei høgste fossane i Setesdal. Frå Rv9 går det turveg heilt inn til fossen.

Få med deg denne storarta naturopplevinga. Gloppefoss er ein av dei høgste fossane i Setesdal. Vassføringa er stor heile sommarhalvåret. Vi kan såleis garantere at fossen er sjåverdig i turkeperiodar også.

Frå RV 9. er det merka tursti inn Veiåjuvet til Gloppefoss. Det er storslagen natur med høge fjell på båe sider. I dalbotnen renn elva Veiåne. Det tek om lag 2 timar å gå inn til fossen. Ein skal krysse elva fleire gonger, og normalt er det ikkje problematisk, då elva ikkje er djup.
Etter langvarig regnvêr aukar vassføringa kraftig, og ein lyt vurdere om kryssing av elva er trygt. Ved normale vêrtilhøve høver turen godt for familiar med born.

Parkering skal skje ved riksveg 9. Fyrste del av turen går på god grusveg. Frå snuplassen går ein vidare på god traktorveg. Vegen fylgjer vassdraget innover Veiåjuvet, og det er ein storarta naturoppleving. I elva kan du fleire stader sjå spor etter beveren sitt arbeid, og kan hende ser du elg i skogen. Det er ikkje hytter eller hus i området. Du treng ikkje kart for å ta turen, då vegen er lett å finne og fylgjer dalføret og vassdraget.

Fakta:
Stien startar om lag 9 km nord for Valle sentrum, like nord for Lunden Camping.
Varighet: om lag 2 timar ein veg.
Passar for: Familiar. 
Parkering: Utanfor bommen ved RV 9.
Søppel: Tek du sjølvsagt med deg.
Båltenning er strengt forbode! Tak med niste.

Last ned kartblad

Kilde: Setesdal

0

Gloppefoss - tur-retur 6 km

Sider du nylig har besøkt