Åseral

Lakkenstova - tur/retur 14 km

Bestill
  • Utsikt fra toppen av Skoræ
  • Utsikt fra Skoræ varden
  • Lakkenstova
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

Det er godt merka sti inn til Lakkenstova, som er ei av turisthyttene til DNT Sør. Fjellet Skoræ er med sine 1040 m.o.h. det høgste fjellet i regionen og ligg sør for Lakkenstova.

Lakkenstova er ei sjølvbetjent DNT-hytte som ligg langt sør i Setesdalsheiene, like nord for fjellet Skoræ og Lisla Øyvatn. Hytta ligg flott til, godt over tregrensa, i steinete snauhei med flott turterreng og mange fine fjelltoppar. Lakkenstova har proviant og står ulåst. Hovudhytta har 26 sengeplassar, sikringshytta har 10. I sikringshytta er det eige rom for hund og eigar.

Mange bruker Lakkenstova som utgangspunkt for vidare vandreturar inn i fjellheimen, men det er også eit populært dagsturmål.
Turen frå Ljosland skisenter er om lag 7 km ein veg og tar ca. 2 timar å gå.
Om du vil leggje turen opp til fjellet Skoræ, tar du av frå den merka stien.

Start turen frå parkeringsplassen ved Farvannet eller frå Ljosland Fjellstove. Her er det fint å parkere. I sommarhalvåret er det også mogleg å parkere ved Kvernevassdammen.

Du bør ha med deg kart og kompass. God tur!

  • Sommer
  • Middels

Kilde: Setesdal