Skip to main content
Unknown Component
civid: 585abc7cf7d87a7717a647b8
name: plugins_common_social_share (widget)
Valle

Ljomsnuten 15 km tur- retur

Ljomsnuten
Ljomsnuten
Ljomsnuten

Ljomsnuten på 1268 moh. er det høgaste fjellet på austheia i Valle.

Turen er tilrettelagt som ein rundtur der den fyrste delen er felles med toppturen til Valefjell. Frå toppen av Valefjell går ein ned til «Varden», som er ein naturleg rasteplass på den gamle støylsvegen inn til Finndalen. Etter «Varden» går turen vidare sørover mot Ljomsnuten.
Stien ligg i eit høgt terreng med flott utsikt heile vegen, og er enkel å gå, bortsett frå eit litt brattare parti nokre få hundre meter før toppen.

Toppen av Ljomsnuten er markert med ein diger varde. Derifrå er det ein unik utsikt på 360 grader over både vest- og austheia og over store deler av Telemark – heilt til Gaustatoppen 100 km borte.

Turen tilbake går forbi vakre Vassland, gjennom Luseskard, rundt om Stavedalen og til slutt gjennom skogen tilbake til Valle.


WGS84 59.212742, 7.535977

START Valle sentrum 

TIDSBRUK  7 timar

LENGDE 16,5 km rundtur

Last ned kartblad

Kilde: Setesdal

Ljomsnuten 15 km tur- retur

Sider du nylig har besøkt