Åseral
Lordehytta

Den majestetiske Lordehytta.
Langt inne i fjellheimen ligg Lordehytta, reist av lord Salvesen på byrjinga av 1900-talet. Hytta har blitt eit ynda turistmål. Mange tek den lange vegen inn til Vivatn for å sjå på hytta som ruvar storslått og nærast magisk i det vidstrekte heieterrenget. Det er ein flott, men lang og ganske krevjande dagstur å gå til Lordehytta ved Vivatn. Det er mogleg å gå fleire ruter. Kart og kompass er anbefalt. Meir info om Lordehytta og korleis du kjem deg dit, kan du få på Minne kultursenter.
- Høst
- Sommer
Kilde: Setesdal
Lordehytta