Skip to main content
Unknown Component
civid: 585abc7cf7d87a7717a647b8
name: plugins_common_social_share (widget)

Valle

Neire Lauvås - rundtur 2,3 km

Turvegen Neire Lauvås er ei turløype sentralt i Valle. Løypa startar frå ferista øvst i Leite byggjefelt, like ved Valle sentrum. Løypa har bratte stigningar, men det er god, grusa/barka veg. Den høver såleis for dei fleste, men egnar seg ikkje for rørslehemma eller med barnevogn.

Vegen slyngar seg gjennom skogområde opp til Lauvås. Her har friluftsorganisasjonen 4H sett opp ein stor trelavvo. Fleire plassar undervegs har du flott utsyn over Vallebygda. Du finn og kvilebenkar der du kan raste og nyte utsynet.

Last ned kartblad

Last updated: 12/19/2023

Source: Setesdal

Neire Lauvås - rundtur 2,3 km

Sider du nylig har besøkt