Valle
Nordibø Landhandel



Nordibø Landhandel er ein spisestad og landhandel i Valle sentrum.
I mange år var Nordibø Landhandel eit knutepunkt i Valle-bygda. Ei krambu av gamalt merke, rik på sjarm og eigenart.
Noko er endra sidan den gong, men det meste er plent som det allstøtt hev vore.
På menyen finn du enklare rettar som salater, sandwicher, Nordibøburgeren, gjærbakst og ulike kaker, - og alt er heimelaga og basert på lokale råvarer. I tillegg til servering er det og eit spennande utval av ulike gåveartiklar, nisjeprodukt og lokalmat frå distriktet.
Kilde: Setesdal
Nordibø Landhandel