Skip to main content
Unknown Component
civid: 585abc7cf7d87a7717a647b8
name: plugins_common_social_share (widget)

Bygland

Ose, ein liten tettstad med ein stor foss

Ose er ein liten tettstad like ved riksveg 9 nord i Bygland kommune, der Otra renn ut i Åraksfjorden. Her har det vore skysstasjon sidan 1887. På Ose finn du eit sjeldsynt bygnings- og kulturmiljø med mellom anna:
- Ose Turistheim, som vart bygd i 1909 og som framleis er i drift.
- Storstoga, eit sjeldsynt forsamlingslokale bygd av stort tømmer. Tømmeret vart felt vinteren 1655/56.
- Ose grendehus, moderne kulturhus og forsamlingslokale som vert nytta til ulike arrangement.
- Daglegvarehandel med bensinpumpe.

Rett sør for Ose ligg Reiårsfossen, som er verd ein pause i seg sjølv.

Det bur ikkje mykje folk på Ose, men her er stor aktivitet, og det vert skipa til fleire større og mindre kulturarrangement: maskerade, blueslaurdag, countryfestival, matmarknad osv.

Last updated: 08/09/2023

Source: Setesdal

Ose, ein liten tettstad med ein stor foss

Sider du nylig har besøkt