Skip to main content
Unknown Component
civid: 585abc7cf7d87a7717a647b8
name: plugins_common_social_share (widget)

Valle

Rygnestad - rundtur 2,5 km

Rygnestad/Flateland er eit av 20 utvalde nasjonale kulturlandskapsområda i landet. Oppe i bakken ligg Rygnestadtunet, ein del av Setesdalsmuseet. Dette er eit originalt gardstun som vert rekna som eit av dei mest særmerkte museum i landet. Turstien går nær to gardstun og vi ber deg ta omsyn og halde deg på stien. Lukk grinder du opnar undervegs. Nordigard Rygnestad er første gardstun du passerar. Vidare kjem du forbi Åreholtet før stien svingar seg  gjennom idyllisk skogsterreng til Årstog.
Herifrå følgjer stien lokalvegen attende til startpunktet. God tur!


LENGDE 2,5 km rundløype’

TIDSFORBRUK 30 minutt

VANSKELIGHETSGRAD Lett

BANDTVANG 1. april - 15. oktober

JAKT Elgjakt 25. september - 1. november

MERKING Grøn farge

Last ned kartblad

Last updated: 01/09/2024

Source: Setesdal

Rygnestad - rundtur 2,5 km

Sider du nylig har besøkt