














Sølvgarden ligg idyllisk til i hjartet av Setesdal, omgitt av fossar, fjell og levande kulturlandskap. Her finn du roa – med naturen tett på og gode opplevingar rett utanfor døra.
På Sølvgarden kan du bu slik det passar deg best – enten du ønsker hotellkomfort, hytteliv eller camping. Hotellet byr på lune og gode rom, inkludert den særprega tårnsuita med utsikt over fossar og fjell. Hyttene gir deg fridom og nærleik til naturen, medan den 5-stjerners campingen legg til rette for både bubil, telt og campingvogn i flotte omgjevnader.
Restauranten er open kvar dag og byr på ein variert meny. Her står smaken av Setesdal i sentrum, med kortreiste råvarer og stolte mattradisjonar. Med kjærleik til faget og gode råvarer har restauranten vorte ein favoritt – både for tilreisande og bygdefolk. Alle rettigheiter.
For ei ekstra god oppleving kan du finne roa i den flytande badstoga ved Otra – med varme, stillheit og spektakulær utsikt. Her kan du senke skuldrane etter ein dag aktiv dag, og for dei som vil, ventar ein kald dukkert rett frå brygga.
På Sølvgarden får du også servera Setesdals særeigne jolemat med fisk/kjøt, nepe (kålrot), spa (suppe) og heimelaga lefse.
Stor eller lita gruppe, selskap eller uformelt møte; snakk med Sølvgarden og dei lagar til ei oppleving for deg utifrå det temaet du ynskjer.
Hotellet ligg ca. 2 timar frå Stavanger og Kristiansand, ca. 1 time frå Hovden og Evje, og til kjende stader som Lysefjorden og Dalen i Telemark er det 1,5 times køyring.
Kilde: Setesdal