Rysstad

Sølvgarden Hotell - Restaurant

  • Råvarer frå Setesdalsheiene
  • Stilfull restaurant på Sølvgarden
  • Sølvgarden i Rysstad
  • Sølvgarden restaurant 2
  • Fristelser
  • Juleselskap på Sølvgarden
  • Mange fristelser
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • +47 37936130

  • Rysstad

    Valle, Agder

    Vis i kart

Miljøsertifiserte reiseaktører

Miljøsertifisering av private og offentlige foretak, også turisme.

Velkomen til Sølvgarden hotell og feriesenter som ligg sentralt på Rysstad, midt i Setesdal.

Restauranten er open kvar dag, og serverer ein rikhaldig meny, frå det enkle til full à la carte meny. Det er fokus på mat med rot i norske mattradisjonar og kortreist mat. God mat gjer seg ikkje sjølv, det krev gode råvarer og kjærleik til faget. Sølvgarden sin restaurant har på kort tid vorte eit populært tilbod så vel blant bygdefolk som tilreisande og restauranten har alle rettigheitar.
På Sølvgarden får du også servera Setesdals særeigne jolemat med fisk/kjøt, nepe (kålrot), spa (suppe) og heimelaga lefse.

Stor eller lita gruppe, selskap eller uformelt møte; snakk med Sølvgarden og dei lagar til ei oppleving for deg utifrå det temaet du ynskjer.

Hotellet ligg ca. 2 timar frå Stavanger og Kristiansand, ca. 1 time frå Hovden og Evje, og til kjende stader som Lysefjorden og Dalen i Telemark er det 1,5 times køyring.

Kilde: Setesdal