Valle
Sykkeltur til Tveitebø, Valle

Turen startar i Valle sentrum og går gjennom grenda Tveitebø. Vidare syklar du oppover lia på Tveitebø Heieveg. Her er det god stigning og på ein vanleg sykkel bør ein vere i god form, men med El-sykkel passar det for nesten alle. Frå toppen er det flott utsikt over Vallebygda.
Dette er og eit veldig godt utgangspunkt for vandretur vidare innover fjellet. Ver forsiktig i nedkøyringa!
Kilde: Setesdal
Sykkeltur til Tveitebø, Valle